Publisert: 10.04.2019
Vinnaren har over fleire år jobba målretta for å utvikle eit godt arbeidsmiljø. Målet er å bygge ein felles kultur der alle skal erfare å vere på same lag for å løyse utfordringar i fellesskap. Dette krev at alle partar er involverte. Surnadal kommunen har inngått eit forpliktande samarbeid mellom politikarar, tillitsvalde og administrasjonen, der likeverd er eit viktig nøkkelord i samarbeidet. Du kan lese grunngjevinga for tildeling av Arbeidsmiljøprisen 2019 under.
Arbeidsmiljøprisen vert delt ut kvart år og er ei oppmuntring til ein kommune/fylkeskommune, offentleg eigd institusjon, arbeidsplass eller enkeltperson, som har utmerka seg med å leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø. Alle tilsette i kommunane, fylkeskommunen, bedrifter tilslutta KS og offentleg eigde institusjonar kan foreslå kandidatar til prisen.
Kriteriar for tildeling av prisen er eitt eller fleire tiltak som:
- fører til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med fokus på arbeidsnærver
- har fokus på opplæring og personalutvikling med positiv effekt på arbeidsmiljøet
- har gjennomført eit planmessig og systematisk HMS-arbeid, som fører til eit tryggare og betre arbeidsmiljø
- har hatt god samhandling mellom arbeidsgivar og tilsette gjennom medverknad og inkludering
- har stor overføringsverdi til andre i arbeidslivet
KS, Utdanningsforbundet og Fagforbundet i Møre og Romsdal samarbeider om den årlege arbeidsmiljøkonferansen for offentleg tilsette i fylket. Målet med arbeidet er å fremje samarbeid og utvikling på arbeidsmiljøfeltet samt vere ein viktig møtestad for arbeidsmiljø, der ein får tilført ny kunnskap og inspirasjon i møte med andre som er opptekne av helse, miljø og tryggleik.
Arbeidsgruppa for Arbeidsmiljøkonferansen, som består av to medlemer frå kvar av samarbeidspartane, er jury for tildelinga av arbeidsmiljøprisen.
Prisen er kunstverket «Blå time» av Eldar Parr.
PDF: Grunngjeving Arbeidsmiljøprisen 2019 PDF: Arbeidsmiljøprisen til partssamarbeidet Surnadal kommune PDF: Program Arbeidsmiljøkonferansen 2019