Publisert: 28.05.2021
Det må og være stort nok rom for lokal tilpassing.
Både koronakommisjonen og ekspertgruppa som har vurdert konsekvensane av pandemien for folket sin livskvalitet, og for helse- og omsorgstenestene løfter fram at pandemien har ramma ulikt geografisk, mellom næringar, og mellom ulike deler av befolkninga. Samstundes har byrda vore særleg stor for barn og unge.
KS' landsstyre støttar utfordringsbiletet som er skildra i rapporten. Mange strever fordi dei har høgst normale reaksjonar på ein langvarig, unormal situasjon. Derfor vil opninga i seg sjølv ha ein positiv verknad på mange. KS' landsstyre støttar ekspertgruppa sitt syn om å bygge på eksisterande tilbod, og å styrke lågterskeltilboda, folkehelsetiltaka og førstelinetenestene.
Tiltakspakke for å møte konsekvensane av pandemien
KS' landsstyre meiner at det er naudsynt å sette inn ei omfattande tiltakspakke som eit resultat av pandemien, og at ressursane i hovudsak nyttast til å styrke eksisterande tilbod i kommunane, og i regi av frivillig verksemd.
For å nå barn og unge bør opne, universelle arenaer, som barnehagar, skular, fritidsklubbar, og organisasjonslivet styrkast med trygge vaksenpersonar som er tilgjengelege når det trengst. Andre vil ha behov for meir profesjonalisert hjelp. KS' landsstyre meiner difor at «Rask psykisk helsehjelp» bør utvidast slik at fleire kommunar kan etablere tilbodet. Kommunale lågterskeltilbod og diagnoseuavhengige tilbod som gir hjelp og støtte til dei som har psykiske vanskar bør utvidast, samstundes som det og vil være behov for spesialiserte tilbod innan barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). KS' landsstyre er uroa over manglande kapasitet i BUP. Landsstyret ber regjeringa sikre ei auke i den totale kapasiteten i barne- og ungdomspsykiatrien i spesialisthelsetenesta.
Landsstyret ber regjeringa ta omsyn til at ikkje alle konsekvensar av koronasjukdom er kjende. Ein del av dei som har vore sjuk med korona vil ha eit særleg behov for rehabilitering og oppfølging, både i spesialisthelsetenesta og i kommunane. Kapasiteten til rehabilitering må aukast.
KS' landsstyre meiner det vil være behov for ekstra innsats i helse- og omsorgstenestene når samfunnet opnast opp, saman med ei styrking av sosiale fellesskap for å skapa ein ny normalsituasjon.