Publisert: 08.11.2019
Gjennom lokalvalet 2019 har meir enn 10.000 folkevalde fått ei tillitserklæring frå sine lokalsamfunn. Våre folkevalde vil no sette dagsorden, styre ressursbruken og stå til ansvar overfor innbyggarane. Landsstyret strekar under at kommunane er nærast innbyggarane sine og er best eigna til å ta val som gir god lokal samfunnsutvikling. Eit vel fungerande lokaldemokrati og ansvarleg lokal forvaltning er avgjerande for at landet skal lykkast i å utvikle velferdssamfunnet vidare på ein berekraftig måte.
Landsstyret viser til at det er brei politisk semje om at vi skal ha levande lokalsamfunn og spreidd busetting i heile landet. Då er det viktig å styrke lokaldemokratiet. Det lokale sjølvstyret er grunnlovsfesta, og det kommunale og fylkeskommunale sjølvstyret er styrka i kommunelova. Råde- og forvaltningsretten over lokale naturressursar er ein grunnpilar i lokaldemokratiet, og den lokale retten til å skattlegge utnyttinga av ressursane følgjer naturleg av råderetten.
Landsstyret viser til at ein stor del av den norske velstanden er tufta på naturressursane. Difor er det viktig å utnytte naturresursane på ein samfunnsøkonomisk lønsam måte. Mykje av denne verksemda påverkar miljøet negativt og bandlegg areal. Dei samfunnsøkonomiske utrekningane av kor lønsame investeringar er må inkludere slike kostnader. Kommunane som stiller ressursar til rådevelde må kompenserast for ulempene og i tillegg få ein rettmessig del av verdiskapinga, gjerne gjennom ei grunnrente-liknande skattlegging. Skattesystemet må samla sett utformast slik at samfunnsøkonomisk lønsame prosjekt ikkje blir bedriftsøkonomisk ulønsame.
Landsstyret er svært skuffa over at innstillinga til kraftskatteutvalet ikkje reflekterer punkta ovanfor. Utvalet foreslår å auke den statlege satsen for grunnrenteskatt, og opphevar i stor grad alle dei kommunale ordningane. Kommunar og fylkeskommunar mister nesten 4,5 milliardar kroner i inntekter gjennom dette forslaget. Grunnlaget for lokaldemokratiet vil bli svekt dersom dette blir vedteke. Dersom vertskommunane og fylkeskommunane ikkje blir kompensert for ulempene, vil dei i mindre grad legge til rette for vass- og vindkraftprosjekt som kan bidra til det grøne skiftet. Dei må også få sin del av verdiskapinga.
Regjeringa må også syte for at eventuelle omleggingar i skattlegginga av kraftverk ikkje reduserer dei samla inntektene til kommunesektoren. Landsstyret er overraska over at utvalet vurderer at det er dei kommunale inntektsordningane som er årsakene til at det ikkje blir bygd ut nok ny kraft i Noreg. Næringa har derimot peika på at det er innretninga av grunnrenteskatten, og særleg utrekning av fri-inntekta, som er den viktigaste årsaka til at investeringar ikkje vert gjennomførte.
Vindkraft er eit relativt nytt område for utnytting av naturressursar, og rettmessig kompensasjon og ein del av verdiskapinga er avgjerande. Prinsippa for optimal skattlegging av vasskraft er like relevante for denne verksemda. Det er behov for å endre avgjerdsprosessen for å styrke den lokale råderetten. Plan- og bygningslova må koplast betre til energilova. Detaljplaner og miljø-, transport- og anleggsplaner må utformast etter plan- og bygningslova. Når føresetnadene og konsesjonsvilkåra vert vesentleg endra, må det også opnast for at lokale og regionale myndigheiter kan handsame konsesjonane på nytt.
Landsstyret ser at også havbruksnæringa utnyttar naturressursane og at dette gir opphav til grunnrente. Dei same prinsippa bør gjelde for denne verksemda, med lokal kompensasjon for ulempene og i tillegg ein del av grunnrenta. Det bør ikkje vere slik at det berre er nye oppdrettsanlegg som får grunnrente skattlagt gjennom konsesjonsavgifter, medan anlegg som ikkje har måtta betale marknadsprisen for løyve skal kunne hauste profitten og berre betale ei statleg overskotsskatt. KS ser at Havbruksfondet som instrument kan vidareutviklast for å sikra at kommunar som stiller sjøareal tilgjengeleg for oppdrett får sin rettmessige del av verdiskapinga i næringa.
Turisme er mellom dei områda som kan bidra til lokal næringsutvikling. Samtidig er det ei utfordring å sikre at inntektspotensialet kjem kommunane til gode. Utnytting av naturressursar knytt til turisme inneber også lokale kostnader i form av behov for å redusere slitasje på naturen, behov for infrastruktur, samt turistane sitt behov for tradisjonelle kommunale tenester. Landsstyret ønskjer at ein går vidare med å greie ut finansiering av berekraftig turisme.
Landsstyret understrekar at kommunar og fylkeskommunar må sikrast lokal råderett og rett til sin del av verdiane som vert skapte. Samfunnskontrakten vi har hatt om vasskrafta, må innebere at samfunn som tek belastninga ved naturinngrep blir kompenserte. Slik kan innbyggarane oppleve at kommunesektoren tek aktivt leiarskap i det grøne skiftet. Lat våre lokale folkevalde få verke til beste for innbyggarane!