Publisert: 01.02.2022
Kommunen tek ansvaret som samfunnsutviklar på alvor, og er opptatt av næringslivet si betydning for arbeidsplassar, verdiskaping og samfunnsbidrag i lokalsamfunnet.
Kommunen har vore pådrivar for etablering av regional næringspark for areal- og energikrevjande industri. Dette blir Norges største ferdigregulerte nærings- og industripark. Med den strategiske plasseringa legg den også til rette for ringverknader i nabokommunane.
Tysvær kommune blir omtala som ei JA-kommune som:
- aktivt prioriterer behandling av saker som kan føre til verdiskaping
- satsar stort på grøn omstilling og nye, grøne etableringar i kommunen
- tar initiativ til regelmessig dialog med næringslivet
Gjennom engasjement og positivitet arbeider kommunen for at næringslivet skal lukkast og ta posisjon i dei nye, grøne verdikjedene. Kommunen får ros for heilheitleg og langsiktig innsats.
Kinn kommune også nominert
Tysvær, Sogndal og Flatanger kommunar var nominerte blant kommunar under 15 000 innbyggjarar. For kommunar over 15 000 innbyggjarar var det Rana kommune som fekk prisen, der også Kinn kommune i Vestland var blant dei tre nominerte.
NHO og KS deler saman ut prisen for å fremje det gode samarbeidet mellom kommune og næringsliv som er avgjerande for å sikre næringsutvikling, arbeidsplassar og verdiskaping i heile landet. Kåringa av dei beste vertskapskommunane handlar om å vise fram dei gode historiane og eksempla, slik at kommunar over heile landet kan lære av kvarandre og slik bygge kanskje dei aller viktigaste konkurransefortrinna for bedriftene.
Sjå artikkel og video frå sendinga på Kommunalpolitisk toppmøte