Desse sju kommunane skal vise korleis innbyggjarar på ulike måtar kan påverke avgjerder som får betydning for lokalsamfunnet dei bur i.

Blant anna skal dei vidareutvikle nye ordningar:  

Innbyggjarpanel, nærmiljøråd, Bylab, medverknadsordningar for fleirkulturelle, grendeutval og breiare og tidlegare involvering i budsjett, er døme på ordningar som kommunane skal arbeide med og utvikle vidare.

Tidlegare styreleiar i KS, no kommunal- og distriktsminister, Bjørn Arild Gram, har valt ut dei sju kommunane som skal delta i programmet.

– For å ta gode avgjerder er det viktig at dei folkevalde har god kunnskap om kva innbyggjarane meiner, seier Gram.

Digitalt utanforskap
Sunnfjord kommune har som mål å motverke det digitale utanforskapet. Dei ønskjer å utvikle ein strategi som skal auke deltaking og involvering, særleg retta mot utvalde målgrupper.

Grendeutval
I Suldal er det sju grender med barnehagar, skular eller oppvekstsenter. I denne kommunen er målet å utvikle demokratiet og styrke grendeutvala.

Senter for innbyggjarinvolvering
Bergen kommune skal etablere bydelsutval og etablere senter for innbyggjarinvolvering. Fleire prosjekt er allereie i gang.

Her kan du lese kva alle dei sju kommunane skal vidareutvikle.

- Det er viktig å understreke at det ikkje finst éin god måte å styrke lokaldemokratiet på. Vi har valt ut kommunar som representerer ulike lokaldemokratitiltak i kommunar med ulike lokale forhold, seier Bjørn Arild Gram.

- Erfaringane skal delast med resten av kommune-Norge, og inspirere kommunar med ulike føresetnader til å legge til rette for demokratisk deltaking frå innbyggjarane, seier kommunal- og distriktsministeren.

Kjelde: Kommunal rapport