Publisert: 02.09.2019
Håpar vi klarar å få denne satsinga og dette årshjulet med oss inn i kommunesamanslåinga.
Då KS Hordaland i 2017 inviterte til barnehage- og skuleeigarprogram var Sund kommune med frå første stund. Programmet si målsetjing var å vidareutvikle eigarstyring for betre gjennomføring og auka kvalitet. Programperioden var over to år med tilsaman fire samlingar og med klar føresetnad om lokalt arbeid mellom samlingane.
Engasjert administrasjon
Rådgjevar Inger Elin Hetlevik har vore primus motor gjennom heile prosessen og starta saman med Kommunalsjef for oppvekst, Jon Erik Egeland med å gjere invitasjonen kjend både politisk og administrativt. Egeland berømmer Hetlevik sin store innsats med å halde skikkeleg i dette arbeidet og ta dei kloke grepa for å få til både progresjon og gjennomføring.
Jon Erik Egeland, kommunalsjef for oppvekst og Inger Elin Hetlevik, rådgjevar. Foto: KS
Målsetjinga for KS sitt barnehage- og skuleeigarprogram var å … «vidareutvikle eigarstyring for betre gjennomføring og auka kvalitet».
Hetlevik seier at det var spesielt viktig at dette programmet stilte nokre krav og forventningar både internt og eksternt som gjorde kommunen nøydd til å halde fast i satsinga og og jobbe godt mellom samlingane. Difor var det viktig å jobbe klokt inn mot både oppvekstsektoren og politikarane.
Engasjerte politikarar
Saman med politisk leiar for nærmiljø og levekår, Robert Kaupang Sæle (H), jobba Hetlevik strategisk for å formidle viktigheita av programmet for kommunestyret. Sæle har saman med Pernille Tormodsen (AP) heile tida vore svært engasjert og har sterkt bidratt til at både programmet og oppvekstsektoren vart framsnakka og fekk plass på den politiske agendaen.
Ein klarte også å få til ei likevekt på satsinga mellom barnehage og skule.
Sæle har ved fleire høve uttalt at han er forundra over korleis oppvekstsektoren er planlagt- fram til han vart politikar hadde han berre levert ungane i barnehagen og ikkje tenkt så mykje over dette.
Frå siste samlig av barnehage- og skuleeigarprogrammet - Robert Kaupang Sæle (H), Og Inger Elin Hetlevik, rådgjevar. Foto: KS
Resultatet vart ei storstilt satsing på oppvekst som hadde store ringverknader både administrativt og politisk. Mange politikarar har vore med ut og besøkt både barnehagar og skular og mellom anna deleteke på fagdagar. På denne måten har ein klart å gje fagleg input og kompetanse til politikarane på det fagområdet som dei er ansvarlege for i kommunen.
Hetlevik og Egeland seier at strukturen i programmet var lett å følge, og at det var viktig at KS lokalt heldt i det slik at det både var høve til «skreddarsaum», kjennskap til nybrottsarbeid, samt for å få til ei fremjing av ein god delingskultur.
Programmet tok sikte på å skape ein berekraftig og god lokal prosess i tillegg til den daglege drifta, og det er noko Sund kommune verkeleg har fått til. Dei møtte godt førebudde og kunne vise til svært gode prosessar både før, under og etter samlingane.
Ivaretekne foreldre
Eit direkte resultat av barnehage- og skuleeigarprogrammet er foreldrekonferansen «Saman for barna».
Konferansen har blitt eit årvisst arrangement kvar november- med stor oppslutning og svært gode tilbakemeldingar.
Konferansen har som tema å skape livsmeistring og god helse for barn og unge i Sund, og famnar såleis om heile oppvekstløpet.
Gjennom gode førebuingar, å bruke lokale fagpersonar og foreldre som er gode gode formidlarar, og med lokalpolitikarar som leiar konferansen, så har ein klart å få til nærleik til temaet og stolthet i eigen organisasjon. Det skapar samhold og er godt for foreldrene å kunne få komme til skulen ein kveld for å få viktig påfyll som forelder, der det ikkje er møteverksemd tilknytta ditt barn/ ungdom.
Målet er nådd
Det er kjekt å sjå at Sund kommune har nådd målsetjinga om å vidareutvikla si eigarstyring for betre gjennomføring og auka kvalitet.
Dei har etablert eit systematisk arbeid med situasjonsbildet for oppvekstsektoren. Både utfordringar, kunnskap, satsingar, kompetanse, plan og leiingsplattform har fått sin naturlege del i det politiske- og administrative årshjulet.
Hetlevik og Egeland er samde om at deltakinga i KS sitt barnehage- og skuleeigarprogram har vore ein stor suksess og har gitt dei nødvendige forventningane, faglege påfyllet og verktøyet til systematisk og strategisk lokalt arbeid.