Publisert: 04.02.2021
Strategikonferansen er ein viktig møteplass for KS, og har kvart år samla mange deltakarar i våre fylke. Mykje har skjedd siste året, og strategikonferansane i år vil bli annleis – og dei blir digitale.
Konferansane i Vestland og i Rogaland, som også vil innehalde KS’ Fylkesmøte, blir arrangert i forlenginga av Kommunalpolitisk Toppmøte som også blir gjennomført som ein heildigital konferanse tidlegare på dagen.
Programmet for strategikonferansane vil bli innleia av fylkesstyreleiarane i sine respektive fylke. Deretter vil Tor Arne Gangsø, direktør for arbeidsliv ta for seg tariff 2021. Vidare inn i fylkesmøtet vil blant anna representantar frå ulike kommunar grunngje svara dei har spelt inn på nokre av spørsmåla i Debatthefte 2021 - KS spør om omstilling i koronaens tid.
Tariffnotatet, som omhandlar tariffoppgjeret 2021, er sendt til kommunane med svarfrist 15. februar.
Kommunedirektørlandsmøtet blir arrangert den 1. mars.