Publisert: 12.11.2020
Det viser den nye scenariorapporten for næringslivet i Vestland etter Covid19. Men for å få til dette, må vi handle raskt.
– Scenarioanalysen er eit godt grunnlag for å lage eit vegkart for korleis vi saman kan utvikle Vestland til Noreg, og verdas, fremste region innan berekraftig, grøn omstilling og næringsutvikling. At vi lukkast med dette er ikkje berre naudsynt for verdiskapinga og velstanden for framtidige generasjonar i fylket, men også for resten av landet og verda, seier fylkesordførar Jon Askeland på vegne av partnarskapet med NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen kommune og Atheno.
Første fylke med analyse
Saman har dei bestilt rapporten som skisserer tre ulike framtidsscenario for næringslivet i Vestland. Det første scenarioet viser kva vi bør jobbe mot. Scenario 2 viser korleis situasjonen blir om utviklinga held fram som i dag. Det tredje og siste scenarioet viser eit uønskt utfall der næringslivet ikkje klarar å tilpasse utviklinga med nye krav og skjerpa konkurranse.
Rapporten «Vestlandsscenarioene 2020 – felles kunnskapsgrunnlag for en foretrukket fremtid» er utarbeidd av EY (tidl. Ernst & Young). Vestland er til no det einaste fylket i Noreg som presenterer ein rapport som ser på moglegheiter og utfordringar for heile næringslivet knytt til koronakrisa og globale megatrendar som det grøne skiftet.
– Initiativet til scenarioanalysen kom som ei utfordring frå Næringsforum, næringsråda, det regionale partnarskapet og nokre regionar om å løfte blikket framover. Dei uttrykte behov for ein analyse som kan sette kursen for næringslivet i Vestland i dei krevjande tidene vi har framfor oss, seier Askeland.
Grøn omstilling avgjerande
Covid19 har ramma Vestland hardt og vegen tilbake til pre-pandeminivå for den samla verdiskapinga vil ta tid i alle scenario. Næringar som olje og gass, maritim og verftsindustrien vil bli spesielt hardt ramma om ikkje etterspurnaden aukar.
Samtidig viser rapporten at grøn omstilling er heilt avgjerande for å lukkast. Vestland har satt eit hårete mål om å bli eit nullutsleppsfylke innan 2030. Vi konkurrerer på ein internasjonal arena og ser alt at andre land og regionar satsar hardare og meir spissa enn oss. For å ta den grøne leiartrøya må Vestland derfor bli eit «showcase» for berekraftig omstilling gjennom å bruke erfaringar, teknologi og kunnskap frå spesielt oljeindustrien til å utvikle nye varer og tenester som marknaden treng.
Rapporten viser at dersom vi skal sikre framtidig verdiskaping, eksportverdiar, arbeidsplassar og velstand må alle «gode krefter» innan næringslivet, det offentlege og akademia jobbe saman. I det føretrekte scenarioet må Vestland sikre at vi utnyttar alle ressursar og at vi lukkast i å arbeide med innovasjon på tvers av verdikjeder. Eit eksempel på dette er leverandørindustrien som er i ferd med å omstille seg frå primært å levere til petroleumssektoren, til å løyse utfordringar knytt til framtidas energikjelder – som vind, sol, hydrogen og batteriteknologi.
Vi må gripe moglegheitene i dei nye verdikjedene og sikre auka konkurransekraft for eksportnæringane våre.
Kompetanse for framtida
Eit anna viktig suksesskriterium er at Vestland må ta vare på den eksisterande kompetansen. Særleg teknologi og kompetanse frå olje-og gassnæringa og prosessindustrien blir viktig å utnytte for å skape vekst i nye berekraftige verdikjeder. Det blir svært viktig å utdanne dei rette folka med den rette kompetansen, slik at vi kan møte framtidas kompetansebehov.
Knapt med tid
Men scenarioanalysen viser at vi må handle fort. Tida er svært knapp. Basert på eksportsituasjonen i dag vil den forventa nedgangen i olje og gass vere utfordrande å møte. Næringslivet i Vestland er avhengig av å skape nye verdiar gjennom auka eksport av tenester og fokus på det grønne skiftet
Om vi ikkje lukkast, hamnar vi i det uønska scenarioet. Dette vil mellom anna bety at vi tapar konkurransekraft, at nyetableringar blir lokalisert andre stader og at vi ikkje lukkast med kommersialisering av nye løysingar og idear. I dette scenarioet tapar vi konkurransen om den grøne leiartrøya mot internasjonale aktørar.
Må finne løysing for elektrifisering
Ei av utfordringane vi må løyse for å klare ei utvikling i tråd med det ønska scenarioet, gjeld elektrifisering. Elektrifisering av samfunnet og industrien, samt den krevjande kraftsituasjonen i fylket betyr at det ikkje vil vere mogleg å etablere ny kraftkrevjande industri dei neste 5-10 åra. Viss vi ikkje finn ei løysing her vil det føre til at vi tapar konkurransekraft, attraktivitet internasjonalt og at vi ikkje får sett i gang kritiske pilotprosjekt for grøn vekst nær marknaden.
Vil du lese scenariorapporten?
- Les fullstendig den fullstendige rapporten:https://www.vestlandfylke.no/globalassets/innovasjon-og-naringsutvikling/vestlandsscenarioene-ey-rapport-2020_.pdf
- Les samandraget av rapporten:https://www.vestlandfylke.no/globalassets/innovasjon-og-naringsutvikling/vestlandsscenarioene-2020---executive-summaryv1.pdf
Kontaktpersonar:
- Bård Sandal, fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune - mobil 970 51 716
- Espen Børhaug, næringspolitisk rådgjevar i Bergen Næringsråd - mobil 918 45 600
- Bjørn Lødemel, dagleg leiar Sogn og Fjordane næringsråd - mobil 917 77 488
- Elin Sjødin Drange, næringssjef Bergen kommune - mobil 976 73 020
- Grete Karin Berg, regiondirektør NHO Vestlandet - mobil 926 04 380
- Roger Pilskog, regionleiar LO Vestland - mobil 920 91 281
- Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland - mobil 905 21 059
- Øystein Høyvik, rådgjevar, KS Vest - Førde - mobil 936 74 106
- Baste Tveito, dagleg leiar, Norhordland Næringslag - mobil 916 69 641
- Astrid Kjellevold, dagleg leiar Atheno - mobil 452 89 928