Publisert: 26.03.2019
Utbreiing og bruk av velferdsteknologi er aukande og krava til responssenteret blir difor større. KS sitt rådmannsutval har vore styringsgruppe for utgreiinga.
I februar arrangerte KS, Alarmsentralen og Utviklingssenter for heimetenester og sjukeheimar fagdag om responssenterfunksjonar der blant anna rapporten frå Alarmsentralen blei presentert og drøfta.
Oppsummering og synspunkt etter dagen var:
- Alarmsentralen er ei god ordning for kommunane. Drifta er basert på sjølvkost og sikrar at tenestene ikkje vert dyrare enn dei treng å være.
- Alarmsentralen må kunne gje tekniske og faglege råd «24/7» til kommunane på video og med tale. Det er ei viktig teneste som må fungere heile tida.
- Når nybygg til omsorgsplassar skal byggjast er det ei stor oppgåve å vite kva teknologi ein skal satse på. Viktig at slike prosessar kan samkøyrast.
- Brukarutval for Alarmsentralen og responssenterfunksjonane må etablerast snart.
- Avgjerande for at kommune skal hente ut gevinstar at vi kjem vidare med innføring av velferdsteknologi.
- Integrasjon med EPJ er viktig og må prioriterast.
- Ein må jobbe med å auke forståing for kva velferdsteknologi er ute i tenestene. Personalet må bli betre informert.
- Det er forskjellar i måten brukarane må betale for velferdsteknologi. Ein må jobbe med rutinar for dette.
- Det er viktig å komma i gang med felles innkjøp raskt.
Vegen vidare for arbeidet vert slik:
- Rapporten frå arbeidet vil bli forankra og drøfta i regionane (HAFS, SIS, Nordfjordrådet, Sogn)
- Rapporten vil bli forankra i helse- og omsorgsutvalet og Rådmannsutvalet
- Handsaming av rapport i representantskapen for Alarmsentralen (mai 2019)
- Handsaming i kommunane, selskapsavtale, kostnadsfordeling, strategi
- Prosjekt – samarbeid mellom kommunane og ALSF om innkjøp (digitalt alarmmottak + utstyr/tjenester) – handlingsplan.