Publisert: 27.10.2023
Hyllestad kommune var først ut allereie i september. Det var forventingsfulle kommunestyremedlemmer som først hadde konstituerande møte før program for folkevalde starta saman med prosessrettleiarane Kristin Maurstad, tidlegare ordførar i Vågsøy, og Øystein Høyvik frå KS.
Prosessrettleiar Kristin Maurstad fekk gleda av å leie diskusjonane i Hyllestad kommune. Foto: KS
Kristin Maurstad jobbar no som rådgjevar for samferdsle i Kinn kommune. Ho har vore med som prosessrettleiar også i førre periode.
- Ein er alltid litt spent når ein går i gang med første kommune. Opplegget fungerte veldig bra og det blei to fine dagar i Hyllestad, seier Kristin Maurstad.
Blir endå betre kjende med medlemmene
Fire prosessrettleiarar er knytt til Vestland. I tillegg til Kristin Maurstad er også Åslaug Krogsæter, Kåre Martin Kleppe og Eirik Haga med som rettleiarar. Nytt i denne runden av programmet er at laget er styrka med to interne prosessrettleiarar frå KS. Dette er Øystein Høyvik og Tom Gundersen.
- Programmet for folkevalde er ein unik sjanse for oss i KS til å bli endå betre kjende med medlemmene. Det kjekt å vere ute og jobbe med lokalpolitikarane, og vi møter mange nye og gamle kjende når vi er rundt om, seier Tom Gundersen, som også er koordinator for programmet for folkevalde i Vestland.
Mykje å lære både for nye og erfarne
Nyvald ordførar i Sogndal, Stig Ove Ølmheim (Ap), samla heile kommunestyret til to-dagars samling med tema om kva det inneber å vere folkevald, korleis ein best mogeleg kan samarbeide internt i kommunestyret, med administrasjonen og med innbyggjarane. Stødig prosessrettleiar i Sogndal var Kirsti Welander. Ho har fortid som ordførar i Oppdal kommune, samt brei erfaring som leiar i kommunesektoren.
Frå Sogndal kommune – Ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) og prosessrettleiar frå KS Kirsti Welander. Foto: KS
- Vi er innom mange tema og det er mykje å lære både for dei nye og dei erfarne folkevalde. Til vanleg jobbar eg med kommunar i Trøndelag, difor var det spesielt kjekt å få ta turen til Sogndal kommune i Vestland, seier Kirsti Welander.
I tillegg bidrog Statsforvaltaren i Vestland ved Kåre Træen med ei økt om kommuneøkonomi. Sogndal kommune jobbar systematisk med tillitsreforma og å implementere tillitsbasert leiing i organisasjonen. Kommunen hadde difor ei økt om samspelet mellom administrasjon og politikk i dette arbeidet.
Nyleg avgått ordførar i Tysnes kommune, Kåre Martin Kleppe, er ny som rettleiar i programmet for folkevalde. Han debuterte i Høyanger kommune mellom anna med gode drøftingar om politisk organisering, og korleis ein kan jobbe fram gode vedtak på tvers av politiske skiljeliner i kommunestyret.
Gjenvald ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), hadde besøk av tidlegare ordførar på Tysnes som no er prosessrettleiar i KS, Kåre Martin Kleppe (t.h.). Foto: KS
Styrke motivasjon og forståing
Formålet med programmet for folkevalde er å styrke dei folkevalde sin motivasjon og forståing av rolla. Dette er med på å styrke lokaldemokratiet og bygge opp den tilliten som er naudsynt for å utvikle kommunane til beste for innbyggjarane.