Han har grunnutdanning som vernepleiar og mastergrad i samfunnsplanlegging.  I tillegg har han også gjennomført ulike etter- og vidareutdanningar, mellom anna innan veiledning, livsløpsplanlegging og prosjektarbeid.

Øystein er 55 år, er sambuar og har to barn på 12 og 14 år.  Han bur på Vassenden som ligg i det som fram til sist nyttår var Jølster kommune.  Jølster vart saman med Førde, Naustdal og Gaular til Sunnfjord kommune med verknad frå 01.01.20.  I perioden 2015 – 2019 var Øystein prosjektkoordinator for samanslåingsprosessen.

På spørsmål om kva som gjorde at Øystein valde å søkje jobb i KS, svarer han: - Som leiar i Sunnfjord kommune har eg vore privilegert som har fått høve til å leie mange spanande kommunale og ikkje minst interkommunale prosjekt.  Parallelt har eg registrert at KS dei seinare åra har tatt ei sterkare rolle som utviklingspartnar for kommunane.  Eg har eit ynskje om å få vere med på utviklingsarbeidet som skal skje på Vestlandet i åra framover.

I KS vil Øystein sine hovudoppgåver vere knytt til kommuneplanarbeid, lokaldemokratiutvikling, bærekraft, næringsliv og innovasjon.

Vi ønskjer Øystein hjarteleg velkomen til oss!