Påmeldingsfrist 20. juni 2024

Meld deg på her:

Lenkeblokk Icon Påmeldingsskjema

Bakgrunn

Verda, Noreg og kommunesektoren står overfor store utfordringar i åra framover. Desse utfordringane krev store og raske omstillingar samt tydelegare politiske prioriteringar.

Kommunane og fylkeskommunane har ansvar for å løyse viktige oppgåver. Når utfordringane er store, blir politiske prioriteringar både vanskelegare og viktigare. Interessene vil ofte stå mot kvarandre, og knappe ressursar må forvaltast slik at også komande generasjonar har tilgang til velferdsgode og ein miljømessig balansert klode (henta frå Kommunesektoren sine politiske prioriteringar 2024-2027).

Kommunesektoren har sjølv særleg peikt på følgjande utfordringar

  • Trongare økonomi krev vanskelege prioriteringar
  • Mangel på arbeidskraft og relevant kompetanse
  • Auka helse- og omsorgsbehov

Dette er bakgrunnen for at Statsforvaltaren i Vestland saman med KS Vestland tilbyr læringsnettverk for politisk og administrativ leiing der ein vil fokusere på:

  • korleis sikre berekraftig økonomisk omstilling
  • korleis sikre tilgang på arbeidskraft med relevant kompetanse
  • kva som må til for å møte dei auka behova for helse- og omsorgstenester.

Målgruppe

Alle kommunar i Vestland er velkomne til å søkje om å delta i læringsnettverket. Læringsnettverket vil bestå av 6-8 kommunar, og ved stor interesse for deltaking vil det skje ei prioritering.

Kommunar som ynskjer å delta må stille med

  • Ordførar
  • Gruppeleiarar/medlemmar frå formannskapet
  • Kommunedirektør
  • Representantar frå kommunedirektøren si leiargruppe
  • Økonomisjef

I heile eller delar av nettverksforløpet vil det også vere aktuelt at ansvarleg for det samla kommuneplanarbeidet og andre meir spesifikke fagfunksjonar deltek (til dømes innafor personalområdet).  Deltakarkommunane må sikre forankring av arbeidet opp mot tilsette sine organisasjonar og verneapparatet mv.

Omstilling gir moglegheiter – utbyte ved å delta

Læringsnettverket skal bidra til at deltakande kommunar får:

  • styrka politisk leiarskap
  • styrka rolla som arbeidsgjevar
  • felles forståing mellom folkevalde, administrasjon, lokalsamfunn og partane i arbeidslivet om utfordringar og handlingsalternativ
  • innsikt i utfordringar knytt til kompetanse og rekruttering generelt, og innan helse/omsorg spesielt
  • auka innsikt i eigen ressursbruk, utfordringar og moglegheiter generelt, og innan helse/omsorg spesielt
  • tenestene i tråd med lovkrav til ein forsvarleg kostnad
  • styrka langsiktig og strategisk økonomiske planlegging
  • styrka kompetanse til omstilling, fornying og innovasjon

Metode og innhald

Læringsnettverk er ein mykje brukt metode for forbetringsarbeid og kvalitetsutvikling. Formålet er å lukke gapet mellom det vi veit og det vi gjer.  Metoden er godt eigna for å samle team, grupper og organisasjonar for å lære om og gjennomføre endringsarbeid i fellesskap.  Fokus vil vere samarbeid, kunnskapsdeling og handling for å få til ei berekraftig omstilling.

Læringsnettverket vil følgje kommunestyreperioden 2024-2027 ved at det i 2024 og 2025 blir gjennomført fire fysiske samlingar. I 2026 vil det bli gjennomført erfaringssamling som siktar seg inn mot neste kommunestyreperiode, med mellom anna fokus på å utvikle kunnskapsgrunnlaget for ny planstrategi i forkant av at partia skal utarbeide valprogram vinter/vår 2027. Dei fysiske samlingane vil skje over 2 dagar, med oppstart rundt lunsjtider på dag 1 og avslutning seinast kl. 15 på dag 2. Foreløpig tidspunkt for første samling er 7.-8. januar 2025 eller 8.-9. januar 2025.

Kommunar som deltek skal arbeide med case/oppgåve i og mellom samlingane.

I tillegg til medarbeidarar frå Statsforvaltaren vil ein knyte til seg innleierar frå departement, universitets- og høgskulesektoren, kompetansesenter og konsulentmiljø.

Dei fysiske samlingane vil skje over to dagar, med oppstart rundt lunsjtider på dag 1 og avslutning seinast kl. 15 på dag 2. Foreløpig tidspunkt for 1. samling er 7.-8. januar 2025 eller 8.-9. januar 2025.

Kostnad ved deltaking

Det vil bli søkt om skjønsmidlar frå Statsforvaltaren i Vestland og førehandsgodkjenning av OU-midlar knytt til arbeidsgjevarrelatert leiarutvikling. Oppstart vil vere avhengig av ekstern finansiering.

Deltakaravgift pr. kommune (50 prosent av KS sine satsar for deltaking i nettverk):

  • Opp til 5 000 innbyggarar kr 6 100
  • 5 001 – 7 500 innbyggarar kr 7 400
  • 7 501 – 10 000 innbyggarar kr 11 400
  • 10 001 – 15 000 innbyggarar kr 14 800
  • 15 001 – 20 000 innbyggarar kr 18 100
  • 20 001 – 30 000 innbyggarar kr 22 100
  • 30 001 – 40 000 innbyggarar kr 24 800
  • 40 001 innbyggarar og over kr 27 800

I tillegg må deltakarkommunane dekke eigne kostnader knytt til reise, opphald og dagpakkar mv.

Påmeldingsfrist

Torsdag 20. juni 2024. Påmelding er bindande.

Det vil bli gitt tilbakemelding på søknad innan 5. juli 2024.

Digitalt informasjonsmøte

Det vil bli invitert til digitalt informasjonsmøte 5. juni 2024 kl. 08.10 – 08.55.

Kontakt hos Statsforvalteren

Marit Lunde, Statsforvaltaren i Vestland, 950 62 935, marit.lunde@statsforvalteren.no