Lukkast ein med å utvikle varierte og attraktive møteplassar som gir rom for aktivitet på tvers av alder, interesser og funksjonsevne, vil ein stimulere både til god folkehelse og gode nærmiljø.

Nyskapande aktivitetsanlegg

Vestland fylkeskommune har gjennom prosjektet «Nyskapande aktivitetsanlegg» teke dette på høgste alvor, då dei har klart å få til fantastiske samarbeid mellom sterke fagmiljø og lokale krefter.

Prosjektet er eit nasjonalt pilotarbeid som sidan 2019 og i tre fasar har invitert kommunar, idrettslag og fylkeskommunen (i høve hallar knytt til vidaregåande skular) til å søkje. Midlane skal brukast til å utvikle og bygge enkle, lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet. Desse skal vere nyskapande i funksjon, organisering og aktivitetar.

Prosjektgruppe

Fylkeskommunen samarbeider med Vestland idrettskrets, danske Lokale og Anlægsfonden (LOA), Tverga, KS og andre aktørar.

Tre fasar

Både pilotfasen og fase to omhandla uteområde ved skular. Dei vart jobba fram i 2020 og 2021 på svært kreativt vis, då smittevern førte til mange digitale synfaringar og ditto møte.

Følgande fire kommunar deltok i pilotfasen: Kvam, Fusa, Austevoll og Bjørnafjorden.

I fase to deltok kommunane Hyllestad, Kinn og Etne, og Olsvikåsen vidaregåande skule.

Fase tre skal fokusere på innandørs anlegg, både nybygg og anlegg som skal rehabiliterast. Søknadsfristen var 15. mai 2022, og følgande søkte: Kommunane Askøy, Austevoll, Samnanger, Sogndal og Sveio, og Olsvikåsen vidaregåande skule.

Inntil fire anlegg får tildelt midlar pr. fase, og alle søknadene i fase tre er av styringsgruppa vurdert til å vere med i den vidare vurderinga. Endeleg avgjersle skjer hausten 2022.

Inspirasjonstur til Danmark

Vestland fylkeskommune inviterte partar og aktuelle interessentar til inspirasjonstur i starten av mai 2022. Dette sidan Danske Lokal og Anlægfogden (LOA) er ein viktig samarbeidspart, og Danmark er eit føregangsland på samskapte og tilgjengelege aktivitetsanlegg.

Turen var over tre dagar, tettpakka med meiningsfulle besøk til flotte park-, idretts- og fritidsanlegg utforma i vakker og formålstenleg symbiose saman med sine nærmiljø, og med stor grad av kunst- og kulturinnslag.

blobid2.png
Foto: Sølvi Olrich Sørebø, KS

Biletet over viser ein del av Superkilen, ein urban park som vart utforma i tett samarbeid med innbyggarane i ein multikulturell og ganske kriminelt utsett Nørrebro bydel i København. Parken skulle skape eit område der alle som bur der kan kjenne seg trygge, finne sin plass og trivast.

Les meir om Superkilen (nettside)

Neste bilete er frå Vanløse Skole og Hyltebjerg Skole i København. Med enkle grep og med materiell og planmessig kulturbygging har ein lukkast i å skape ein felles, trygg skuleplass for to skular som elles berre hadde ein heftig trafikkert bilveg og eit fortau mellom seg.

blobid3.png
Foto: Sølvi Olrich Sørebø, KS

Mannen ved treet titulerte seg som vaktmeister, men viste gjennom si omvising å vere ein nøkkelperson for både kultur og tryggleik ved området. Han ryddar området før skulestart, er til stade og rettleiar elevane til  gode vanar. Han er såleis ein kulturbyggar som i varetek mange av dei viktigaste funksjonane ved heile konseptet.

På uteområdet blir det spelt musikk kvar dag, du kan også kople din eigen spelar på høgtalaranlegget.

Barn, foreldre og tilsette møter her kvar morgon, og det blir servert kaffi. Alle får ein trygg, god og felles start på dagen. Dette, og mange andre gode grep, gjer at dette er ein god plass å leve, bu og gå på skule.

Les meir om prosjektet (nettside)

Vegen vidare i Vestland

Vestland fylkeskommune er gjennom prosjektet «Nyskapande Aktivitetsanlegg» rause og gode på å legge til rette for utvikling av berekraftige eksempelanlegg som er nyskapande og inspirerande på tvers av aktivitetar og idrettar.

Som ein ser over, er ein godt i gang. Det er no viktig å gjere kjent både lokalt, regionalt og nasjonalt at det er mogeleg å få til slike anlegg.

Under studieturen til Danmark var det gjennomgåande for anlegga at dei var tilrettelagt for mange slags aktivitetar, og at dei var opne og tilgjengelege for alle store deler av døgnet. Dette krev ein stor grad av tillit.

Vestland fylkeskommune lovar no å legge til rette for dette også her. Fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal, har i lang tid ivra for opne vidaregåande skular, og har mellom anna praktisert dette ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen.

Han har ei klar forventning om tilrettelegging for at dei vidaregåande skulane og tilhøyrande hallar i Vestland skal vere opne og tilgjengelege når folk flest har tid og høve til å bruke dei.

Vi ser også til Sogndal kommune, som i lang tid har hatt open idrettshall store deler av døgnet. Vi håpar fleire kommunar ser at offentlege bygg må opnast opp i større grad.

Vi gler oss til å følgje fortsetjinga av prosjekt «Nyskapande aktivitetsanlegg» tett. På sikt er det lov å håpe at prosjektstatus blir endra til at dette vert ein del av den daglege aktiviteten og drifta i Vestland, og at prosjektet får synergieffektar også nasjonalt.

Les meir om prosjektet «Nyskapande aktivitetsanlegg» (nettside).