Publisert: 11.05.2021
I samfunnsdelen til kommuneplanen skal kommunane identifisere dei viktigaste utfordringane knytt til samfunnsutvikling og synleggjere dei strategiske vala kommunen tek.
Korleis kan planarbeidet nyttast strategisk? Kva nasjonale og regionale føringar finst? Korleis sikre best mogeleg medverknad? Dette er berre nokre av spørsmåla vi ønskjer å setje lys på i nettverket, som er tenkt starta opp til hausten. I første omgang kan ein melde seg på eit orienteringsmøte på Teams 20. mai.
Orienteringsmøte - påmeldingslenke
Rolla til kommunane som samfunnsutviklar er forankra både i kommunelova og plan- og bygningslova. Begge lovene framhevar at utviklinga skal vere berekraftig. Plan- og bygningslova legg til grunn at samfunnsdelen skal vere kommunen sitt overordna styringsverktøy. Den nye kommunelova har òg nedfelt at økonomiplanen skal vise korleis langsiktige utfordringar, mål og strategiar i kommunale og regionale planar skal følgast opp.
Deltaking i nettverket vil gi kompetanse og kunnskap om:
- korleis planarbeidet kan nyttast strategisk
- samfunnsdelen som politisk styringsverktøy
- plan- og bygningslova og anna relevant regelverk
- FN sine berekraftsmål
- nasjonale og regionale føringar
- regional og lokal planlegging
- korleis få til medverknad
- korleis få til planprosessar som sikrar politisk involvering
- tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid
- arealstrategiar
- prosjekt- og porteføljestyring av kommuneplanarbeidet
I tillegg til ressursar frå fylkeskommunen og KS, vil også Statsforvaltaren vil bidra. Vidare vil vi trekke veksler på kunnskap frå relevante fagmiljø på nasjonalt plan.
Om nettverksarbeidet
Nettverket vil ha ein kombinasjon av digitale og fysiske samlingar. Samlingane vil bestå av ulike aktivitetar: arbeidsøkter/samskaping, undervisning og kollegarettleiing. Målsettinga er at deltakarane skal få ny kunnskap, få inspirasjon frå beste praksis-eksempel i andre kommunar, dele erfaringar og få drahjelp til eigne prosessar.
Deltaking og målgruppe
Talet på deltakarkommunar blir i utgangspunktet ikkje avgrensa, men må vurderast når ein ser kor mange kommunar som melder si interesse. Nettverket er særleg relevant for kommunar som skal revidera samfunnsdelen i valperioden.
Deltaking i nettverket føreset både politisk og administrativ deltaking. Det er opp til kommunane kven som vil vere mest føremålstenlege som deltakarar, men døme på deltakarar kan vere ordførar, kommunedirektør, formannskap, kommune-direktøren si leiargruppe.