Påmeldingsfrist

11. februar

Påmelding

Lenkeblokk Icon Påmeldingsskjema

Spørsmål?

Ta kontakt med Øystein Høyvik, i KS Vest mob: 936 74 106 e-post: oystein.hoyvik@ks.no

KS' Landsting 2020 har vedteke «Omstillingsdyktig næringsliv» som eitt av dei prioriterte politikkområda for kommunal sektor i inneverande 4-årsperiode. Kommunen er ikkje pålagd å legge til rette for næringsutvikling. Likevel er kommunen si rolle som tilretteleggjar ein sentral del av den lokale samfunnsutviklinga.

Målgruppe

Administrativ og politisk leiing i kommunane i Vestland og Rogaland.

Mål

Målet for dette nettverket er at administrativ og politisk leiing skal få større eigarskap til næringsutvikling. Føresetnaden er at leiinga har kunnskap og interesse for fagområdet, og kan delta aktivt i diskusjonar om strategiske og operative val som har betydning for arbeidet med næringsutvikling.

Gjennom nettverket får kommunane høve til å utvikle og jobbe med eigne døme. Målet er at døma blir sette i system og gir kommunane verdi etter at læringsnettverket er ferdig.

Utbyte

  • Auka eigarskap til næringsutvikling for kommunar/regionar
  • Kunnskapsløft til leiinga i kommunen og aktørar i kommunane/regionane, slik at dei blir betre i stand til å setje ambisjonar og retning for arbeidet med næringsutvikling
  • Betre heilheitleg forståing og innsats rundt næringsutvikling
  • Kople næringsutvikling på berekraftsagendaen
  • Definere og konkretisere utviklings- og forbetringspunkt, og jobbe med desse
  • Grunnlag for eigne, strategiske vegval

Digitalt informasjonsmøte 19. januar

Før oppstart og påmeldingsfrist, inviterer vi dei som er interesserte til eit uforpliktande, digitalt informasjonsmøte den 19. januar: Sjå kalenderhending her

Metode og innhald

Læringsnettverket har eit klart utviklingsperspektiv som inneber aktiv deltaking. KS bidreg med dokumentasjon, metodar og prosessleiing, mens kommunane deltek med kunnskap om eigen organisasjon og eigne problemstillingar.  Før oppstart etablerer kvar kommune ei gruppe som skal jobbe aktivt med dette.

Det vil bli fire fellessamlingar i nettverket. Samspel med andre kommuner vil gi høve til læring og erfaringsutveksling. 

Kommunane som deltek vil få tilbod om ein eigen temadag med sine folkevalde, med lokale tilpassingar. Vi tilrår at dette skjer i starten, for å skape felles retning knytt til ambisjonar, og retning for arbeidet i kommunen.

Fylkeskommunane vil vere ein bidragsytarar i dette læringsnettverket.

Innhald i samlingar og temadagar

Oppstart av nettverket er onsdag 2. mars 2022 kl 09.00 - 11.30.
Samlinga blir gjennomført digitalt.

Nettverket byggjer på erfaringar og kunnskap frå FoU-rapporten «Vellykket kommunal næringsutvikling».
Sjå artikkelen "Kjennetegn på vellykket næringsutvikling"

Tema på samlingane

Det vil bli arbeid med døme i eigen kommune på, under og etter kvar samling.
Oversikta er ikkje fullstendig, og relevante tema vil bli lagt inn etter kvart.

Samling 1

Samling 2

Samling 3

Samling 4

FOU-en «Lærdommer fra gode vertskommuner for næringsutvikling»

Korleis få næringsutvikling til å bli ein del av kommunen sitt arbeid for å byggje gode lokalsamfunn?

Korleis dra av nytte av kommunen sine moglegheiter og utfordringar geografisk og næringsmessig, her under «flaks»?

Utvikle og arbeide vidare med døme knytt til tema på tidlegare samlingar.

Kva er kommunen si rolle i næringsutvikling? 

Korleis arbeide langsiktig?

Regionalt samarbeid om næringsutvikling

Kommunen som innkjøpar

Kva skal til for å lukkast med næringsutvikling? 

Næringsutvikling sin plass i kommunen sitt plan- og styringssystem?

Berekraft - grøn innovasjon

 

Korleis sikre jamn og god dialog med relevante næringslivsaktørar?

Forankring i kommunen si politiske og administrative leiing?

 

 

Korleis kople arbeidet på FN sine berekraftsmål

 

 

 

Kostnader

Kommunen betaler ein eingongs-sum for deltaking i nettverket basert på innbyggjartal:

Opp til 5000 innbyggjarar, kr: 11.625

5001 – 7500 innbyggjarar, kr: 14.125

7501 – 10.000 innbyggjarar, kr: 21.750

10.001 – 15.000 innbyggjarar, kr: 28.250

15.001 – 20.000 innbyggjarar, kr: 34.625

20.001 – 30.000 innbyggjarar, kr: 42.250

30.001 – 40.000 innbyggjarar, kr: 47.375

40.001 innbyggjarar og fleire, kr: 55.000

NB: I tillegg betaler kommunane som deltek sine eigne reise- og opphaldsutgifter på samlingane.