Påmeldingsfrist

5. februar

Påmelding

Lenkeblokk Icon Påmeldingsskjema

Bakgrunn

Etter gjennomføring av HVPU-reforma i 1991 har kommunane hatt hovudansvaret for helse- og omsorgstenestene til menneske med utviklingshemming. Tenesteområdet til brukargruppa er stort både målt i tal, brukarar, tilsette og ressursbruk.

Tenesteområdet er prega av stor kompleksitet av di mange av brukarane har komplekse og samansette utfordringar.

I 2016 gjennomførte statsforvaltarane eit landsomfattande tilsyn av dei kommunale helse- og omsorgstenestene til menneske med utviklingshemming. Tilsynet avdekka manglar knytt til styring og leiing, kompetanse, planmessig opplæring, systematisk kvalitativ tenesteyting og individuell tilpassing. Med dette som bakgrunn publiserte Helsedirektoratet i juni 2021 den nasjonale rettleiaren «Gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming».

I desember 2021 fekk KS overlevert FoU-rapporten «Årsaker til kostnadsvekst i kommunale pleie- og omsorgstjenester», som mellom anna peikar på utfordringar knytt til denne brukargruppa når det gjeld kostnader, kvalitet og rekruttering av personell.

Det er pr i dag lite offentleg statistikk, inkludert KOSTRA-tal, som kommunane kan nytte i samband med planlegging, styring og leiing av tenesteområdet.

Læringsnettverket som KS her tilbyr, vil gje kommunane innsikt i eigen ressursbruk og kvalitet på sine tenester.

Målgruppe

Kommunar som ynskjer å delta bør stille med representant frå kommunedirektøren si leiargruppe, linjeleiarar og fagpersonar knytt til personale og økonomi.

Grunna mellom anna omsyn til GDPR passar deltaking i læringsnettverket best for kommunar over ca. 4 000 innbyggar. Er du i tvil om deltaking ta kontakt med Chriss Madsen i KS Konsulent.

Utbyte

Hovudformålet med nettverket er at kommunane skal få innsikt i eigen ressursbruk og kvalitet på tenestene. Kommunane skal gjennom deltaking i nettverket sitte igjen med følgjande «sluttresultat»:

  • Eit konkret dokument (tenesteanalyse) som både skildrar og analyserer ressursbruk, dekningsgrader, einingskostnader og kvalitet
  • Kunnskap om kva som påverkar ressursbruken
  • Korleis påverkar innsatsfaktorane kvaliteten
  • Kunnskap om «nivået på eigne tenester» samanlikna med andre kommunar
  • Rettleiing og råd om «beste og neste praksis»; kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Kunnskapsgrunnlag for framtidig planlegging og dimensjonering av tenestene
  • Innsikt i metodikk om analyse, samanlikning og utviklingsprosessar
  • Utviklingsplan med konkrete mål og tiltak for vidareutvikling av tenestene.

Metode og innhald

Læringsnettverk er ein anerkjent metode for forbetringsarbeid og kvalitetsutvikling. Formålet er å lukke gapet mellom det vi veit, og det vi gjer. Metoden er godt egna for å samle team/grupper frå tenester for å lære og forbetre saman.

Dette læringsnettverket vil ha fem samlingar med følgjande tema:

  • Samling 1 over 1,5 dagar (foreløpig planlagt til 22. og 23. mai 2024 – men kan skje endringar)
    - Bli kjent
    - Forventningsavklaring
    - Gjennomgang av prosessforløpet
    - Legge til rette for datainnsamling
  • Samling 2 over 1,5 dagar (september/oktober 2024)
    - Ressursbruk og tenesteprofil
  • Samling 3 over 1,5 dagar (januar/februar 2025)
    - Arbeid med tenesteanalyse og vurdering av resultatkvalitet
  • Samling 4 over 1,5 dagar (april/mai 2025)
    - Arbeid med kunnskapsgrunnlaget for framtidig dimensjonering, innretning og vidareutvikling for meir berekraftige tenester
  • Samling 5 over 1 dag (oktober/november/desember 2025)
    - Erfaringssamling

Fysisk plassering av samlingane vil avhenge av kva kommunar frå Rogaland og Vestland som melder seg på. Første samlinga vil vere ei fysisk samling (stad blir avklart når vi veit kven som ynskjer delta). I denne samlinga avklarar ein eventuell bruk av digitale samlingar i det vidare. 

I tillegg må kommunen rekne med mellomarbeid mellom kvar samling. 

Det blir tilbydd rettleiing mellom samlingane.

Kostnad

Det vil bli søkt om førehandsgodkjenning av OU-midlar til arbeidsgjevarrelatert leiarutvikling.

Under føresetnad av at nettverket blir godkjent i høve OU-midlar, vil kommunane si deltakaravgift vere om lag kr 50 000.

I tillegg må deltakarkommunane dekke eigne kostnader knytt til reise, opphald og dagpakkar.

Påmeldingsfrist: 5. februar 2024

Påmelding er bindande.

Kontaktpersonar