Publisert: 20.01.2022
Påmeldingsfrist
16. februar
Spørsmål?
Ta kontakt med Øystein Høyvik, i KS Vest mob: 936 74 106 e-post: oystein.hoyvik@ks.no
Etter gjennomføring av HVPU-reforma i 1991 har kommunane hatt hovudansvaret for helse- og omsorgstenestene til menneske med utviklingshemming. Tenesteområdet til brukargruppa er stort både målt i tal brukarar, tilsette og ressursbruk.
Tenesteområdet er prega av stor kompleksitet av di mange av brukarane har komplekse og samansette utfordringar.
Bakgrunn
I 2016 gjennomførte statsforvaltarane eit landsomfattande tilsyn av dei kommunale helse- og omsorgstenestene til menneske med utviklingshemming. Tilsynet avdekka manglar knytt til styring og leiing, kompetanse, planmessig opplæring, systematisk kvalitativ tenesteyting og individuell tilpassing. Med dette som bakgrunn publiserte Helsedirektoratet i juni 2021 den nasjonale rettleiaren «Gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming».
I desember 2021 fekk KS overlevert FoU-rapporten «Årsaker til kostnadsvekst i kommunale pleie- og omsorgstjenester», som mellom anna peikar på utfordringar knytt til denne brukargruppa når det gjeld kostnader, kvalitet og rekruttering av personell.
Det er pr i dag lite offentleg statistikk, inkludert KOSTRA-tal, som kommunane kan nytte i samband med planlegging, styring og leiing av tenesteområdet.
Læringsnettverket som KS her tilbyr, vil gje kommunane innsikt i eigen ressursbruk og kvalitet på sine tenester.
Målgruppe
Kommunar som ynskjer å delta bør stille med representant frå kommunedirektøren si leiargruppe, linjeleiarar og fagpersonar knytt til personale og økonomi.
Det vil vere viktig med naudsynt forankring opp mot politisk leiing, brukar- og pårørandeorganisasjonar og tillitsvalt- og verneapparatet.
Informasjonsmøte
Før oppstart og påmeldingsfrist, inviterer vi dei som er interesserte til eit uforpliktande, digitalt informasjonsmøte 2. februar 2022 kl. 08.30–09.15.
Utbyte
Hovudformålet med nettverket er at kommunane skal få innsikt i eigen ressursbruk og kvalitet på tenestene. Kommunane skal gjennom deltaking i nettverket sitte igjen med følgjande «sluttresultat»:
- Eit konkret dokument (tenesteanalyse) som både skildrar og analyserer ressursbruk, dekningsgrader, einingskostnader og kvalitet
- Kunnskap om kva som påverkar ressursbruken
- Korleis påverkar innsatsfaktorane kvaliteten
- Kunnskap om «nivået på eigne tenester» samanlikna med andre kommunar
- Rettleiing og råd om «beste og neste praksis»; kontinuerleg forbetringsarbeid
- Kunnskapsgrunnlag for framtidig planlegging og dimensjonering av tenestene
- Innsikt i metodikk om analyse, samanlikning og utviklingsprosessar
- Utviklingsplan med konkrete mål og tiltak for vidareutvikling av tenestene
Metode og innhald
Læringsnettverk er ein arbeidsmåte for forbetringsarbeid kor ein deler kompetanse på tvers av ulike profesjonar, avdelingar og organisasjonar.
Dette læringsnettverket vil ha fem samlingar med følgjande tema:
- Samling 1 over 1-1,5 dag (14.-15.03.22)
- Bli kjent
- Forventningsavklaring
- Gjennomgang av prosessforløpet
- Legge til rette for datainnsamling
- Samling 2 over 1,5 dagar (mai/juni 2022)
- Ressursbruk og tenesteprofil
- Samling 3 over 1,5 dagar (august/september 2022)
- Arbeid med tenesteanalyse og vurdering av resultatkvalitet
- Samling 4 over 1,5 dagar (oktober/november 2022)
- Utarbeiding av framtidsbilde som inkluderer framskrivingar av ressurs- og bemanningsbehov, innretning på tenestene og utarbeiding av mål og tiltak
- Samling 5 over 1 dag (juni 2023)
- Erfaringssamling
Første samlinga vil vere ei fysisk samling (stad blir avklart når vi veit kven som ynskjer delta). I denne samlinga avklarar ein eventuell bruk av digitale samlingar i det vidare.
Kostnad
Det er søkt om førehandsgodkjenning av OU-midlar til arbeidsgjevarrelatert leiarutvikling.
Under føresetnad av at nettverket blir godkjent i høve OU-midlar, vil kommunane si deltakaravgift vere om lag kr 50 000.
I tillegg må deltakarkommunane rekne med å dekke eigne kostnader knytt til reise, opphald og dagpakkar.
Kontaktpersonar
- Øystein Høyvik, KS Vest, 936 74 106, hoyvik@ks.no
- Chriss Madsen, KS Konsulent, 950 12 768, madsen@ks.no