Kommunar og fylkeskommunar formidlar kvar dag ei mengde bodskap til innbyggjarar, tilsette og politikarar. Tenestene som kommunen tilbyr blir stadig meir digitale. For at bodskapen skal nå fram, må ein bruke eit klart og forståeleg språk. Dei digitale tenestene må vere utforma på ein måte som gjer at dei er enkle å forstå og nytte.

Dette vil DigiVestland og KS setje lys på under klarspråk-konferansen i april.

Dyktige føredragshaldarar vil gje deg fagleg påfyll om klarspråk i ei brei forstand, og dessutan får du med deg eit fiks ferdig prinsippdokument du kan bruke i arbeidet når du kjem heim. Det heile blir levert av eit fyrverkeri av ein konferansier.

Programmet finn du her

Klart språk er viktig

Eva Hille er direktør for kommunikasjon i Bergen kommune, og er med i planlegginga av konferansen.

Kvifor er klart språk så viktig?
- Klart språk er det aller viktigaste verktøyet eg brukar i jobben min med kommunikasjon, seier Eva Hille.

 - Innbyggjarane fortener at vi som jobbar i det offentlege kommuniserer klart og tydeleg. Det gjeld i særleg grad no som tenestene blir meir og meir digitale, påpeikar ho.

Korleis får vi til dette?
- Vi må vere ekspertar på å forenkle og seie ting slik at innbyggjarane kan bruke det til det dei skal gjere. Dette er ikkje enkelt, og nettopp derfor må vi samarbeide.

- Eg håpar denne konferansen kan gi inspirasjon, gjere oss oppdaterte og bidra til auka samarbeid mellom oss som jobbar med kommunikasjon og digitalisering i ulike kommunar og fylkeskommunar. I tillegg gler vi oss til å invitere til middag på restauranten Skyskraperen. Her har vi den mest spektakulære utsikten frå toppen av Ulriken, seier Eva.


Eva Hille, Bergen kommune. Foto: Ann-Kristin Loodtz

Kven kan delta?

Alle som jobbar i spenningsfeltet mellom kommunikasjon og digitalisering, som deltek i utvikling av digitale tenester, eller formidlar bodskap til innbyggjarar, tilsette eller politikarar er velkomne på klarspråk-konferansen i Bergen.

Her finn du nærare informasjon og side for påmelding.

Konferansen finn stad på Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6.