I januar blei det halde kurs i Klart språk der 13 kommunar og fylkeskommunen deltok. Nokre av deltakarane tok turen over fylkesgrensa frå Ål og Gol i Hallingdal. Dette viser at klarspråksarbeid er viktig i mange kommunar. Nokre av kommunane som no har slått seg saman, nyttar høvet til å forbetre språket blant anna på nye nettsider.

I løpet av kurset blei deltakarane utfordra til å gå ut på gata for å spørje vanlege folk om dei forstod det som stod i ulike brev. Dei fekk høyre litt av kvart, skriv Sogn Avis, som var tilstades under kurset.

Forstår innbyggjarane tekstane?

Somme innbyggjarar stussa litt på enkelte tekstar. Noko var greitt, mens andre tekstar var meir uklare. – Nokre er rett og slett for vanskelege, sa ei dame på kjøpesenteret. Dei fleste som blei spurde var samde om at det som står må vera tydeleg.

- Me kan sitja på kontoret og tykkja det er greitt, og så opplever folk det heilt annleis. Det må vera viktig for oss at folk skjønar informasjonen me sender ut, seier Anja Hamre.

- Det er viktig at folk gir tilbakemelding til oss dersom dei ikkje skjønar. No er det ny kommune, og me skal sjå på mykje på nytt. Så no har me ein unik sjanse til å sjå på tekstar på nytt, seier Mariann Skau.

- Kurset er kjempekjekt, og så nyttig. Du blir gjort merksam på kva som er dårleg språk, og korleis du kan gjera det enklare, seier Susan Husabø, tilsett i fylkeskommunen.

Faksimile Sogn Avis.

Kurs i klart språk 

Kurset var lagt opp med grunnleggande innføring i klarspråk første dagen. Den andre dagen bar tittelen «Klart språk – framleis klart!» for dei som har gått kurs tidlegare. Dei to kursleiarane Karolina Netland og Vidar Lynghammar kjem frå NTB Arkitekst og har vore engasjert i KS sitt klarspråksarbeid ei rekkje gonger. Anna Holm Vågsland er prosjektleiar for Klart språk i KS og var også tilstades.