Dette har gitt meg mykje fagleg påfyll og energi

kursdeltaker

Programmet har vore i regi av KS Vestland, og er ei grunnopplæring for nye leiarar i kommunane. Siste samling var i Førde 16. januar.

Målsetjing

Som leiar har ein ansvar for å utvikle og levere gode tenester i samsvar med gitte rammer. Rammene er gitt i politiske styringsdokument, i administrative vedtak og retningsliner, i økonomiplan og budsjett, og i lov- og avtaleverk.

Målsetjinga med kurset har difor vore å gje deltakarane kunnskapar og ferdigheiter innan utvalde tema som ein kan ta med seg tilbake i utøving av leiarrolla og bli ein trygg og utviklingsorientert leiar i kommunen.

Ei vel så viktig målsetjing har også vore å skape nettverk og ein positiv leiarkultur i fylket. Samlingane har krevd både førebuing og mellomarbeid for deltakarane.

Tema

På samlingane har vi pr. tema engasjert gode fagpersonar frå ulike avdelingar i KS, samt rådmann Arild Mc.Clellan Steine frå Voss som var med på den andre samlinga. 

  • Å vere leiar og arbeidsgjevar; relasjonsutvikling, styringsrett og styringsplikt
  • Rollebevissthet
  • Økonomi: god ressursutnytting, ansvar og kontroll
  • Styring og utvikling av tenester: Den gode styringsdialogen - kommunen som demokratisk arena med vekt på samspelet mellom politikk og administrasjon som premiss for utviklingsarbeid
  • Avtaleverket: Korleis bruke avtaleverket, rettar og plikter som følger av dei
  • Dei juridiske rammene: Formål og hovudbestemmingar i dei viktigaste lovene, dvs forvaltningslova, offentleglova, kommunelova og arbeidsmiljølova