Publisert: 03.06.2020
Yrkesopplæringsnemnd er ei fylkeskommunal nemnd med ansvar for fagopplæringa i det enkelte fylke. Yrkesopplæringsnemnda er heimla i Opplæringslova § 12-4 og skal jobbe for å heve kvaliteten av heile fag- og yrkesopplæringa og fremje fagopplæring i arbeidslivet. Nemnda er eit rådgjevande organ for fylkestinget og fagopplæringsavdelinga i fylkeskommunen og uttalar seg mellom anna om dimensjoneringa av skuleklassane i videregåande skular. Yrkesopplæringsnemnda godkjenner òg lærebedrifter slik at lærlingar får læreplass i bedrift.
Yrkesopplæringsnemnda skal ha ei samansetjing av folkevalde og partane i arbeidslivet som sikrar ei breid innsikt i så vel yrkes- og fagopplæring som arbeidslivs- og sysselsetjingsspørsmål. Nemnda har òg ei viktig oppgåve med å informere skuleelevar om dei mogelegheiter som ligg i ei fagutdanning.
Samansetjnga av Yrkesopplæringsnemndene har historisk sett variert stort i breidde i de ulike fylka. Frå januar 2020 har alle nemndene fått ei breiare samantjing og KS som arbeidsgiverorganisasjon er representert med ein representant i alle nemndene.
Det er ei stor styrke at elevorganisasjonen og fagopplæringskontora har blitt inkludert.
I KS region vest har yrkesopplæringsnemndene vore sentrale samarbeidsorgan no i koronautbrotet. Det rapporterast mellom anna to gongar pr. veke om antal permitterte lærlingar. Det diskuterast også løpande kva tiltak som kan iverksetjast for å betre situasjonen for å auke høva til gjennomføring på normert tid og for å hindre påverknad på inntak til hausten.
Ta gjerne kontakt med ditt lokale KS- kontor om du skulle ha spørsmål eller ønsker å vite noko meir om yrkesopplæringsnemnda i ditt fylke.