Publisert: 17.08.2023
Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland inviterer til konferanse om Leve heile livet, Bu trygt heime og Demensplan 2025, på Sandsli i Bergen.
Vi arrangerer denne hausten ein felles konferanse for heile Vestland.
Dei to dagane byr på variert program rundt innsatsområda i den nye stortingsmeldinga Fellesskap og meistring - Bu trygt heime. Vi vil presentere stortingsmeldinga, sett i samanheng med Leve heile livet og den nye folkehelsemeldinga. Du får også ny kunnskap om demens og folkehelsa i Vestland, og gode døme og erfaringar frå det gode arbeidet som er gjort ute i kommunane.
Trond-Viggo Torgersen og Kristopher Schau rundar av konferansen med temaet «kunsten å bli eldre».
Konferansen kan inspirere tilsette og leiarar i kommunar og fylkeskommunen, politikarar, eldreråd, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak og næringslivet.
Målgruppe: tilsette og leiarar, politikarar og eldreråd i kommunane, fylkeskommunen, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak, næringslivet og andre interesserte.
Program for konferansen og påmeldingsside
Artikkelen er skrive av Janne Weltzien Listhaug hos samarbeidspart Statsforvaltaren.