Publisert: 30.06.2022
Det regionale nettverket skal vere ein fellesarena der kommunane i Vestland kan dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid på tvers.
Det regionale støtteapparatet i Vestland og Senter for aldersvennleg Norge, inviterte i mai alle kommunane i fylket til oppstartsmøte for å etablere eit eige regionalt nettverk for arbeidet med aldersvennlege lokalsamfunn. 15 kommunar deltok i møtet. Ei arbeidsgruppe er no sett ned, og består av representantar frå kommunane Fjaler, Voss, Askøy og Stryn. Gruppa har ansvar for framdrift og aktivitet i nettverket. Statsforvaltaren og KS skal følgje arbeidet og bidra etter behov.
Neste møte i nettverket er 8. september frå 9 til 11, og går føre seg på Teams. Om din kommune har lyst å delta, kan du ta kontakt med Leni Klakegg, som du finn nedst under artikkelen.
Fellesarena for Vestland
Fellesarenaen som dette nettverket skal vere, har som mål å dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid på tvers av kommunane. Vidare er målet å rette merksemd på, men også styrke, arbeidet med aldersvenlege samfunn i kommunane.
Arbeidet for eit aldersvenleg samfunn er eitt av fem innsatsområde i kvalitetsreforma for eldre; Leve heile livet.