Publisert: 05.10.2021
Tross pandemi og nedstengd campus, fulførte ho våren 2021 ein bachelorgrad i Sammanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Undervegs i studiet var ho blant anna på utveksling ved University of Minnesota. Der fekk ho eit globalt perspektiv på demokrati, politikk og forvaltning. Vidare i graden har ho tatt fordypningsfag som har inkludert nasjonal og regional politikk og forvaltning. Ho er svært opptatt av demokrati og legitimitet i det offentlege, og ønskjer å lære meir om dette gjennom praksisopphaldet. Innspurten i studiet vart prega av digitale førelesningar og studietid på hybelen. No er ho klar for meir kontortid, og for å bli kjend med oss i KS.
Studentane er ein ressurs
Praksisordninga er ein gyllen anledning for studentar til å få eit lite avbrekk frå studiebenken og få prøve seg på korleis det er å jobbe i ein organisasjon. For Hanne er praksisen ei god mogelegheit til å fordype seg i KS som organisasjon og erfare korleis vi jobbar med kommunane. Samtidig ønskjer ho også å vere ein ressurs for på KS kontoret.
- Studentane bring med seg nye impulsar og kjem med gode innspel til oss. Dei er heilt klart ein ressurs for oss, seier dagleg leiar Astrid Toft.
Tradisjonen med å ha praksisstudentar i Bergen går heilt tilbake til 2009. Kontoret ein av få samarbeidspartnarar som har vore med frå ordninga blei oppretta ved Universitet i Bergen. Det har vore mange studentar innom kontoret og tema for prosjektoppgåvene favnar bredt. Tidlegare praksisstudentar har i mange tilfeller oppdaga kommunesektoren som ein svært relevant arbeidsplass. Dei seier at opphaldet hos KS var svært nyttig for dei inngangen til arbeidslivet.
Jeg ser frem til å bli bedre kjent med KS og kollegaene mine. Det er viktig for meg å levere en prosjektoppgave som er nyttig og interessant både for meg selv og KS.Hanne Vamråk Solheim
Ein travel oppstart
For tida gjer Hanne research kring ulike tema som kan vere aktuelle for prosjektoppgåva. I tillegg var ho valmedarbeidar i Bergen kommune. Dette betyr at ho både hadde det travelt med valinnspurt og oppstart av praksisopphaldet.