Sted: Grieghallen, Bergen
![](/imagevault/publishedmedia/fwsp0m266qr0kxpiv90o/Klarspr-k_lys_gr-nn_-002-.png)
Klarspråk 2025 - i ein digital kvardag
KS Vest PÅMELDINGPraktisk informasjon
Fra: 03. april 2025 kl. 10.00
Til: 04. april 2025 kl. 14.00
Sted: Grieghallen, Bergen
Adresse: Peer Gynt-salen, Grieghallen
Målgruppe: Alle som har ansvaret for og jobbar med tenester til innbyggjarar, tilsette eller politikarar
Region: KS Vest
Er klarspråk eit av dei beste verktøya for effektivisering og betre tenester? Vi trur det.
KS og DigiVestland inviterer til ein konferansen full av inspirasjon, nytte hjelp og konkrete tips.
Om du er saksbehandlar eller leiar, har kommunikasjonsoppgåver eller er servicemedarbeidar, har dagar fulle av møte med menneske, eller budsjett og effektivisering, – denne konferansen er for akkurat deg!
Kva kan du forvente?
Siste nytt frå klarspråkarbeidet - høyr korleis det står til med dei kommunale sakspapira, kva empatisk kommunikasjon er, og få gode tips og råd for skrivearbeidet.
Klarspråk og kunstig intelligens - finn ut meir om kva KI eigentleg er, og korleis vi kan bruke det i arbeidet med klarspråk.
Nettverksbygging - møt kollegaer som jobbar med klarspråk og digitalisering i kommunar og statlege kontor frå heile landet.
Inspirasjon og praktiske råd - bli inspirert av alle dei gode tiltaka deltakarane deler med kvarandre, ta med deg heim konkrete døme og verktøy som du kan bruke i klarspråkarbeidet.
Klarspråk 2025 har som mål å vere nyttig, inspirerande og konkret, og byggjer på innspela frå deltakarane i fjor.
"Eg er særs nøgd! Endeleg ein konferanse der eg føler eg sit igjen med konkret kunnskap og verktøy som eg kan ta med tilbake og arbeide vidare med."
Deltakar, Klarspråk 2024
Pris
Konferanse med middag kr 3 990,-
Konferanse utan middag kr 3 490,-
Har du behov for overnatting? Sjå informasjon her.
Hovudarrangør: DigiVestland og KS Vestland
Medarrangør: Språkrådet og klarspråksavdelinga i KS
Kontaktpersonar/programkomité:
Mona Mekki, Vaksdal kommune mona.mekki@vaksdal.kommune.no
Eva Hille, Bergen kommune eva.hille@bergen.kommune.no
Mali Hjemdal, DigiVestland mali.hjemdal@bergen.kommune.no
Anne-Karin Løken, KS anne-karin.loken@ks.no