Publisert: 04.03.2021
Det regionale støtteapparatet til Leve heile livet består av KS, Statsforvaltaren i Vestland og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT).
Det regionale støtteapparatet har i desse dagar dialogmøte med kommunane i Vestland som ynskjer dette. Det gledelege er at mange kommunar ynskjer dialogmøte og det syner seg at kommunane jobbar godt med «Leve heile livet».
Kommunane har likevel eit behov for meir kunnskap knytt til dei fem innsatsområda i prosjektet. På bakgrunn av dette jobbar det regionale støtteapparatet med ulike tiltak. Sidan situasjon rundt covid-19 ikkje er avklart, vert dei fleste tilboda digitale i vår.
- 18. februar var det oppstart av nettverk for kommunen sin kontaktperson knytt til Leve heile livet. Kommunane har valt ulik organisering av prosjektet, og dermed er det ulikt frå kommune til kommune kven som er kontaktperson.
- 18. mars er det webinar om analyse i Leve heile livet-arbeidet. Tilsette i kommunane i Vestland og Rogaland er inviterte. Korleis skal kommunen planlegge for fleire eldre i kommunen? Gode analyser og verktøy er viktig i arbeidet med planlegging og tenestetilbod i kommunane framover. I webinaret får ein lære meir om korleis ein les og nyttar seg av data som finst om eigen kommune. Temaet er sentralt i arbeidet med Leve heile livet-reforma i kommunane.
- 29. april vert det fagdag der støtteapparatet lanserer 4 podkastar på mat og ernæring: 1. Førebyggjande heimebesøk, 2. Miljøtiltak, 3. Spise saman, 4. Ernæring/matkvalitet
- 26. mai vil KS arrangere ein nasjonal erfaringskonferanse, der ulike kommunar får anledning til å presenter arbeidet med Leve heile livet i sin kommune. Ynskjet er at kommunane skal få dele og utveksle erfaringer med arbeidet.
- Det regionale støtteapparatet kjem ut med nytt nyheitsbrev april/mai. Dette sender vi ut til kontaktpersonane for Leve heile livet.
- Transport og digitalisering er to tema som kommunane melder som ei utfordring. I løpet av våren/hausten vil det kome webinar på desse tema.
- KS har hatt ansvar for å organisere og utvikle modell og verktøy innan temaet «aldersvenleg samfunn». Modellen er bygd på erfaringar etter fire nasjonale samlingar med kommunar som er med i Nettverket for aldersvenleg samfunn. Dette arbeidet blir vidareført i senteret «Aldersvenleg Norge» som ligg i Ålesund og som hadde oppstart i januar 2021. Våren 2021 vil nye kommunar få tilbod om deltaking i Nettverk for aldersvenleg samfunn.
- I mars vert det oppstart av KS/FHI-nettverk «Gode pasientforløp» med deltakande kommunar frå gamle Sogn og Fjordane fylke og Helse Førde. Dette er i regi av USHT, og koplast mot arbeidet i Leve heile livet. Kommunar i gamle Hordaland fylke vurderer deltaking frå hausten.
Påmeldingslenker til dei ulike arrangementa er å finne på KS og Statsforvaltaren sine nettsider.