Publisert: 23.04.2020
Prosjekt for over 3 milliardar er «gryteklare», i følgje ei kartlegging KS Vestland har gjennomført.
Kartlegginga syner at kommunane i løpet av 2020 kan setje i gang arbeid med vedlikehald av bygningar, vegar, rassikring, vann/avløp og mykje meir. 41 kommunar og fylkeskommunen har meldt inn 870 prosjekt og tiltak for over 3 milliardar kroner. Dette kjem i tillegg til det som allereie ligg inne i budsjett og gjennomføringsplanar for 2020. Tiltaka har stor samfunnsnytte og mange av dei har vore planlagt eller ynskt gjennomført på lengre sikt. Prosjekta er i estimert i storleik frå 20 000 til 350 millionar kroner, gjennomsnittskostnaden er på 3,8 millionar kroner.
Tiltaka spenner frå mindre vedlikehaldsprosjekt som legging av golv på helsestasjon til større infrastrukturprosjekt som vegvedlikehald og ras- og flaumsikring. Desse vil kunne bidra til å redusere arbeidsløyse og permitteringar, og såleis hindre at folk fell ut av arbeidslivet og at lokale bedrifter går konkurs. Samtidig er dette tiltak og prosjekt som er nyttige for samfunnet og som uansett burde bli gjennomført.
Stortinget har signalisert at kommunane vil få ein motkonjunkturpakke tilsvarande den som blei gitt i samband med olje- og finanskrisa i 2012. Den gang var pakken på 4 milliardar kroner. KS Vestland si kartlegging viser at kommunane er klare til å handtere ein tiltakspakke som er vesentleg større enn den førre var. Med ei ubyråkratisk ordning vil kommunane vere i stand til å kome raskt i gang med tiltak som vil vere av stor betyding for å sikre næringsliv og arbeidsplassar lokalt eit livsgrunnlag etter koronaepidemien.
Ut frå eventuelle kriterium som følgjer tildelinga av ein tiltakspakke, vil kommunane kunne tilføre nye prosjekt og tiltak tilpassa desse. Kommunane sitt arbeid med motkonjunkturtiltak vil også kunne ha ein langsiktig effekt for å motverke følgjene av låg oljepris, ei næring som er stor og viktig i Vestland.