Publisert: 05.10.2022
Vi får besøk av psykolog og forfattar Trond Haukedal, som tek for seg utfordringane dei unge i dag står overfor, kva årsakene er og korleis vi skal forebygge og dempe skadeverknadene.
Her vil Trond Haukedal med stor fagleg innsikt, konkrete eksempel, varme og lun humor dra oss inn i og gjennom korleis det er å vere ung i dag.
Ungdommen sjølv kjem også for å setje lys på temaet, sett frå deira eiga side. Møt Vebjørn Leite Olsen, som er sentralstyremedlem i Mental Helse Ungdom. I tillegg blir det innlegg frå Bergen kommune, fylkeslegen og KS.
Den nye statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete, kjem for å møte kommunane våre, og vi vil kome inn på Statsbudsjettet 2023 – kva verknader vil dette ha for vårt fylke?
Vi ser også inn i glaskula. Den kjende forfattaren, astrofysikaren og bloggaren Eirik Newth vil peike på trendane vi ser fram mot 2030.
Kva er «Framtidsverktøyet 2040»? Henrik Dons Finsrud frå KS vil presentere dette, der kommunen sine utfordringar dannar grunnlaget for vegvala fram mot 2040.
Program og påmelding