Publisert: 25.08.2020
Eirin er 23 år og oppvaksen i Brevik i Porsgrunn kommune. Etter fullført årsstudium i psykologi, og to år inn i bachelorprogrammet samanliknande politikk, er ho no klar for nye utfordringar som praktikant i KS. Opphavleg hadde ho tenkt seg på utveksling til Roma, men det satt koronapandemien ein stoppar for. Å vere hos KS i staden for å reise ut vurderer ho som eit fullgodt alternativ. - Det var interessa for klima- og miljøutfordringar, samt lokal politikk og organisasjonsarbeid som fekk meg til å søke meg hit. Ho ser fram til eit spennande halvår, som kan gje god arbeidserfaring og vidare fagleg utvikling.
Praksisstudentar er viktige for KS
Heilt sidan 2009 har KS Hordaland hatt praksisstudentar frå UiB, noko som har vore til stor nytte og glede for oss. Kontoret i Bergen er dermed ein av svært få samarbeidspartnarar som har vore med frå ordninga blei oppretta.
Dette kjem til å bli eit spennande semester. Spesielt med tanke på covid 19-situasjonen og på korleis lokale og regionale organ i staten fungerer i krisesituasjonar.
Studentane kjem med nye perspektiv og synspunkt i diskusjonane på kontoret. Dei er med på aktivitetane vi organiserer, og blir i løpet tida dei er her som vanlege kollegaer. For studentane er opphaldet ein unik sjanse til å kombinere faglege interesser med aktuelle problemstillingar KS jobbar med. Dei står fritt til å velje tema for praksisoppgåvene, som igjen er nyttige innspel til arbeidet ved kontoret.
- Her i Bergen har studentane etter kvart blitt ein «del av lufta vi pustar i» og ein viktig kanal for nye impulsar, seier dagleg leiar Astrid Toft. - Det er også veldig kjekt å treffe tidlegare praksisstudentar igjen i ulike samanhengar. Dei seier at opphaldet hos KS var svært nyttig for dei i arbeidslivet.
Den beste staden å lære om norsk forvaltning
Det er fint å vere på forelesningar og på lesesalen, men mykje av forvaltningskunnskapen lærer ein gjennom å vere i praksis. - KS er ein unik plass å vere om ei skal forstå korleis staten Noreg fungerer, frå et lokalt til et nasjonalt nivå. Eg føler meg heldig som fekk sjansen her, seier Eirin.