Kva skjer når generasjonar møtest?
Det veit dei best, dei som møter kvarandre. Men det vi også veit, er at nye relasjonar og gode opplevingar oppstår. Dette kan igjen vere opphav til livsglede og livsmeistring.

Aktivitet og fellesskap er viktige ingrediensar i satsinga «Leve heile livet». Møte mellom generasjonar kan gje meiningsfulle opplevingar og dagar, same kvar ein bur.


Møte mellom generasjonar kan gje begge partar både nytte og glede. Foto: Leni Klakegg.

Har din kommune historier å dele?
Generasjonsmøte kan vere mange ulike typar samkomer eller arenaer der menneske i ulike aldrar treffast. Det kan vere aktivitetar eller erfaringsdeling, ute og inne - her er det ingen grenser.

KS ynskjer å sjå det gode arbeidet som blir gjort ute i kommunane i ein samanheng. Difor vil vi gjerne høyre dykkar historier, slik at vi kan dele dei gode eksempla med andre.

Skriv gjerne om generasjonsmøte i din kommune her. (nettskjema)