Publisert: 30.09.2024
Styreleiar i KS Vestland, Petter Sortland, signerte erklæringa på Frivilligkonferansen i Bergen laurdag 28. september.
Fritidserklæringa i Vestland bygger på FN sin konvensjon om barn sine rettar, artikkel 31: LEIK OG FRITID, og seier følgande:
«Vi er einige om og vil jobbe i lag for at alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet i lag med andre.»
Ifølgje Frivillighet Norge er det seks barrierar som gjer at ikkje alle barn og unge deltek i fritidsaktivitetar: Økonomi, kultur, tilgjengelegheit, tid, oppfølging og kjennskap.
Vil senke barrierane saman
Vi i offentleg sektor og frivilligheita i Vestland jobbar for å senke desse barrierane saman. Fritidserklæringa Vestland slår fast at vi i større grad må samarbeide for å løyse desse utfordringane, slik at fleire barn og unge får medverke og ta del i fritidsaktivitetar.
Gjennom Fritidserklæringa Vestland forpliktar vi oss til å jobbe for:
- at fritidsaktivitetane skal vere opne, trygge og inkluderande
- å redusere barrierar for deltaking
- å legge til rette for at fleire arenaer blir universelt utforma
- å sørge for låge kostnader for å delta
- å sikre at barn og unge får medverke i utviklinga av fritidsfeltet
- å jobbe for at barn unge finn ein aktivitet dei trivst med og opplever meistring gjennom fritidsaktivitetar
Den nasjonale fritidserklæringa vart først vedtatt i 2016 og på ny i 2022. Ho er signert av regjeringa og mange aktørar frå offentleg og frivillig sektor. Fritidserklæringa byggjer på barnekonvensjonen til FN, artikkel 31, som seier at barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.
Dei 13 partane i Vestland som har signert fritidserklæringa:
- Vestland fylkeskommune
- KS Vestland
- Statsforvaltaren i Vestland
- Vestland ungdomsutval
- Vestland Musikkråd
- Vestland Idrettskrets
- Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland
- Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane:
- Vestland Innvandrerråd
- Vaksenopplæringsforbundet Vestland
- Vestland Frivilligsentralar
- Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland
- Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest og Nordvest