Publisert: 29.10.2019
I KS Vest starta vi med Strand kommune 14.-15. oktober, og så går det slag i slag fram til midten av februar. Her i vest har vi rekruttert sju røynde tidlegare ordførarar og rådmenn til å leie prosessane i kommunane saman med representantar for kommunen sjølv og oss i KS.
Etter kvar samling vert det gjort ei skriftleg evaluering blant deltakarane. Tilbakemeldingane så langt på landsbasis syner stort engasjement, og at rettleiarane har klart å få med deltakarane i prosessane. Basisprogrammet tek utgangpunkt i skreddarsaum og vert tilpassa den einskilde kommune og kva dei synes er viktig å få inn i programmet. Fleire tema går imidlertid igjen den fleste stader.
Kommunestyremedlemmene må presentere seg for kvarandre, og gjerne seie noko om kvifor dei har vald å engasjere seg i lokalpolitikken, og kva dei vil med kommunen. I tillegg er det stor merksemd på dei ulike rollane ein har som folkevald, kommuneøkonomi, sosiale media og nettvit, og ikkje minst samhandling – samhandling mellom dei folkevalde, samhandling mellom dei folkevalde og administrasjonen og samhandling mellom dei folkevalde og innbyggjarane. Evalueringa syner at delakarane er spesielt nøgde med desse siste sekvensane.
Eit stort tal kommunar i KS Vest har no gjort ei avtale om å gjennomføre programmet, men vi vonar å få med dei øvrige kommunane og.
Les meir om folkevaltprogrammet i KSHar du spørsmål så kontakt victor.ebbesvik@ks.no