KS Vest er glade for å ønskje nok ein praksisstudent velkomen. Denne våren har vi gleda av å ha Erina G. Skarpenes hjå oss. Ho skal få innblikk i korleis vi jobbar med kommunesektoren og få delta på dei ulike, relevante verksemda.

- Eg gler meg stort og ser fram til eit djupdykk i kommunesektoren og den sin kompleksitet. Det skal bli spennande å knytte det eg har lært i utdanninga mi så langt til noko handfast og verkelegheitsnært, seier Erina. 

Ho vil få mykje forvaltningskunnskap dette semesteret for i tillegg til praksisplassen hjå KS Vestland tek ho også faget “Organisasjons- og institusjonsanalyse for offentleg sektor”. Også tema som klima, berekraftig omstilling og utvikling er noko som opptek Erina. Dette jobbar ein mykje med her i KS Vest, mellom anna i læringsnettverket for «Berekraftig omstilling» som vart starta i regionen i januar.

Kvifor KS?

Kommunane er ein mangslungen organisasjon med eit stort verkeområde. Kommunen kan vere så mangt; ein arbeidsplass, tenesteytar, samfunnsutviklar, ei politisk verksemd, ein samarbeidspartnar og nettverksutviklar.

Erina er spesielt interessert i samspelet mellom politikk og forvaltning – eit tema som gjer KS til ein perfekt praksisplass for henne. Inn i bachelorgraden hennar ved UiB er det særs relevant å bygge ei djupare forståing av dynamikken mellom politikk og forvaltning i kommunane. Ho får samstundes innsikt i korleis KS jobbar som deira organisasjon.

Engasjert også utanfor studia

Ved sidan av studia er Erina aktiv i ulike frivillige organisasjonar. I Studentersamfunnet i Bergen er ho med å arrangere debattar om aktuelle tema. Ho har vore med å starte eit nytt radioprogram i Studentradioen i Bergen. Dette heiter Garderobeskapar og handlar om korleis ein kan skape ein sjølvlaga og berekraftig garderobe! I tillegg jobbar ho frivillig i Clothing Swap Bergen – ein organisasjon som jamleg har store klesbytearrangement. Ho brenn for samfunnsspørsmål og set pris på gode diskusjonar om politikk og samfunnsliv.

Klar for eit lærerikt semester

Gjennom dette praksisopphaldet gler Erina seg til å lære meir om kommunesektoren og offentleg forvaltning i praksis. Vi ser fram til å ha henne med på laget dei neste månadene.