Tre framoverlente kommunar kom med reflekterte innlegg under Strategikonferansen i Vestland 2. mars. Bømlo, Stad og Øygarden tok utfordringa frå KS Vestland og peika på viktige moment i deira behandling av KS sitt debatthefte.

Utfordring i utkantkommunar

- Vi har lenge hatt omstilling på agendaen, seier personalsjef i Bømlo, Vanja Espeland.
- Færre yrkesaktive per eldre i framtida og statlege normer kan gje utfordringar for ein utkantkommune som Bømlo, som kanskje også må tole færre innbyggjarar i framtida.


Personalsjef Vanja Espeland. Foto: Peter Tubaas, Vestland media

– Desse faktorane gjer at vi i morgon må gjere ting på ein ny måte, seier Espeland. Ho trekkjer fram digitalisering som ei av løysingane for å få gitt dei gode tenestene, sjølv med færre hender.

Medborgarskap som motvekt til utanforskap

- Alle barn og unge skal kjenne at dei høyrer til og at det er bruk for dei, seier Bjørn Håvard Bjørklund, kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Bømlo. – Det motsette av utanforskap er medborgarskap. Barn og unge skal oppleve at det er bruk for ressursane dei har.


Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, Bjørn Håvard Bjørklund. Foto: Peter Tubaas, Vestland media

Konkret i Bømlo har dei teke i bruk ein metodikk som skal kartlegge, mobilisere og kople saman ressursar. Dette har dei gjort systematisk over fleire år. Metodikken heiter ABDC og skal finne styrken i bygdene og i menneska som bur der. Dette engasjerer også elevane i skulane på Bømlo.

– Eg trur at alt blir betre, viss alle føler at dei tilhøyrer eit samfunn og at dei blir trengt, seier Selma Stavland Meling, elev ved Bremnes ungdomsskule.
– Folk kan jo veldig mykje meir enn det vi kanskje trur, seier ho.

Konstant omstillingskultur

Når det gjeld handlingsrom for omstilling, var ordføraren i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, tydeleg på at dette ikkje er eit prosjekt med begynnelse og slutt.

- Vi må begynne å snakke om ein innovasjons- og omstillingskultur som må vere konstant, seier Indrevik. – Det er viktig at kommunane og fylkeskommunen blir sett i stand til dette, for å kunne levere dei gode tenestene i kommunen, understrekar han.

- Vi må begynne å snakke om ein innovasjons- og omstillingskultur som må vere konstant, seier ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik. Illustrasjon: Øygarden kommune.

Alle kommunane undestreka betydninga av samarbeid mellom det offentlege, dei private aktørane, innbyggjarane og frivillige lag og organisasjonar.

– Vi må bli betre til å etablere samarbeid på tvers av kompetansemiljø, bransjar og sektorar, seier kommunedirektør i Stad kommune, Åslaug Krogsæter.

Ulike vilkår krev ulike løysingar

- Uavhengig av pandemi må vi omstille oss for å skape og oppretthalde gode lokalsamfunn der folk ønskjer å bu og arbeide, og der vi tar vare på kvarandre, sier Krogsæter. Ho meiner lokalt handlingsrom er eit nøkkelord for å lukkast med dette.

- Kommunen, i lag med innbyggjarane, må gjere dei lokale tilpassingane og prioriteringane dei sjølve finn formålstenlege. Vi trur at uhensiktsmessig detaljstyring hindrar fleksiblitet, og ikkje minst lokalt engasjement for å prøve å finne gode løysingar innafor dei økonomiske rammene vi har, understrekar ho.  

Krogsæter poengterte også at vilkåra rundt om er ulike, då må også løysingane vere tilpassa det. Ho framheldt at KS må vere med for å sikre at også dei økonomiske vilkåra for å kunne gje tenester blir ivaretatt gjennom eit inntektssystem som tek høgde for variasjonane i tida som kjem.

Mykje meir enn frie økonomiske rammer

Føresetnadene for lokalt handlingsrom handlar om mykje meir enn frie økonomiske rammer.
- Det handlar om å setje innbyggjaren sine behov i fokus, seier kommunedirektøren.

– Vi må planlegge tenester og tiltak med utgangspunkt i 24-timersmennesket. Tett samhandling mellom innbyggjarane og offentlege og private aktørar må til for å løyse utfordringane med ungt utanforskap.