Publisert: 16.10.2018
- Aller mest har dette å seie for ei sårbar gruppe som no slepp ekstrabelastninga med å måtte reise til barnehuset i Bergen. Det er desse borna som har stått i fokus, og som det har vore viktig for oss å ivareta, seier Harald Offerdal, styreleiar i KS Sogn og Fjordane.
Vegen er gjerne lang til Bergen når ein er liten og skal avhøyrast om vald og seksuelle overgrep. Fram til no har dei fleste måtta reise dit, og det har vore ei ekstrabelastning for unge menneske i ein vanskeleg situasjon. På barnehuset i Førde kan politiet avhøyre barn og unge som har vore utsette for vald og overgrep , og sikre nødvendige rettsmedisinske spor.
- Fylket har løfta i flokk
KS Sogn og Fjordane har saman med kommunane og fylkeskommunen, politiet, Helse Førde og Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale legevakt arbeidd i fleire år for at eit barnehus i Sogn og Fjordane skulle bli ein realitet. Det har aldri vore tvil om at behovet er der. Statistikken viser at det vil vere behov for medisinske undersøkingar i om lag 200 saker i året.
- Fylket har løfta i flokk for å få dette på plass, men eg vil også få rosa Barnehuset i Bergen sin innsats for å få etablert ei eiga underavdeling av Barnehuset i Bergen i Førde, seier Offerdal.