Korleis skal vi saman planlegge for framtida?


Vi inviterer til fagdagar om aldersvenleg samfunnsplanlegging for kommunane i Vestland.  Tema for fagdagane blir korleis ein kan oppnå aldersvenleg samfunnsplanlegging og samarbeid på tvers. Samlingane blir på Nordfjordeid (15. september), Sogndal (16. september), Bergen (29. september) og Stord (30. september). I tilfelle nye koronautfordringar, vert fagdagane gjennomførte som webinar. Les meir hos Fylkesmannen i Vestland.  
Meir informasjon kjem.  

KS med handbok og nye verktøy

KS er svært engasjert i Leve heile livet-arbeidet, og deltek både regionalt og nasjonalt.  Det vert no utvikla verktøy for kommunane, mellom anna ei handbok som vi håpar skal vere til god hjelp for kommunane. Etter planen skal handboka vere klar før sommaren. Til hausten kjem det fleire verktøy. KS sitt nettverk for aldersvennlege lokalsamfunn hadde i vinter ei samling i Oslo med 130 deltakarar frå heile landet. Det var innleiarar frå inn- og utland, gruppearbeid og stort engasjement.    På nettsida til KS kan du lese meir og finne inspirerande filmar og artiklar.

Korleis få Leve heile livet inn i samfunnsplanlegginga?

Reforma legg opp til  at kommunane set Leve heile livet på dagsorden, analyserer eigne utfordringar og utformar løysingar i planverket.  Vi er no inne i fase to i reforma, der det blir lagt opp til at  kommunane vedtar politisk korleis løysingane i Leve heile livet kan utformast lokalt og innarbeidast i planverk. Viktige stikkord er folkehelsearbeid, aldersvenleg planlegging og ressursportal.no.  Les meir hos Fylkesmannen i Vestland.

Kompetanse- og rekrutteringsplanlegging i kommunane

Mange kommunar i Vestland rapporterer om store rekrutteringsutfordringar på helse- og omsorgsfeltet.  Vi oppfordrar kommunane til å inkludere kompetanse- og rekrutteringsplanlegging som ein sentral del av samfunnsplanarbeidet. 

Les meir hos Fylkesmannen i Vestland.  

USHT følgjer opp kommunane 

Det meste av aktivitetane til USHT Vestland er relevante i kommunane sitt arbeid med innsatsområda i Leve heile livet.  Fysiske arrangement fram til sommaren er anten avlyst eller utsett. Der det er mogeleg, følgjer vi opp kommunane gjennom webinar og videomøte. 

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) 
Vi prioriterer aktivitet innan velferdsteknologi og forbetringsutdanning. Vi har også  utarbeidd opplæringspakkar for personale i samband med koronasituasjonen og følgjer opp med webinar. Saman med KS køyrer vi eit webinar med etikk som tema, og skal følgje opp med tilbod om rettleiing til den enkelte kommune og opplæring av etikkrettleiarar. Meir informasjon finn du på heimesida til USHT Vestland (Sogn og Fjordane).  

USHT Vestland (Hordaland) 
Vi inviterer til tre læringsnettverk om Leve hele livet - pasienttryggleik og kvalitetsforbetring med oppstart i september 2020. I Bergen arbeider vi sentralt i eit koronateam, og har koordinert arbeid med KS læring covid-19 og rutinar knytt til luftvegsklinikkane. Til hausten blir det arrangert fagdagar med følgjande tema: «Hvordan leve hele livet når demenssykdom rammer?», musikkbasert miljøbehandling og universell utforming. VIPS-kurs og TID-kurs blir arrangert for å utdanne lokale kursleiarar i personsentrert omsorg. ABC-seminar fortset til hausten. Sjå meir på heimesida til USHT Vestland (Hordaland).

USHT Helse Fonna
Vi startar opp med læringsnettverk i forbetringsarbeid for leiarar. Satsing på velferdsteknologi og etikk fortset. Det blir planlagt etikkrettleiarkurs hausten 2020 eller våren 2021. ABC-seminar startar opp igjen i haust. Læringsnettverk i underernæring og legemiddelsamstemming i bustader fortset og det blir arrangert fagdag i munnhelse i juni (webinar) og TID-kursrettleiarkurs hausten 2020.  Les meir på heimesida til USHT Helse Fonna.  

Leve heile livet som embetsprosjekt hos Fylkesmannen 

Prosjektet skal bidra til at kommunane møter endringane i befolkningssamansetninga på ein måte som gjer at vi kan leve gode liv så lenge som mogeleg.  Prosjektet vil koordinere arbeidet regionalt i tett samarbeid med eit regionalt støtteapparat, og spreie kunnskap, mobilisere og engasjere kommunane. Det vert tilbod om støtte og rådgjeving til utvikling, iverksetting og evaluering av lokalt planarbeid, og tilrettelegging av nettverk og møteplassar med kommunane, fylkeskommunen og spesialisthelsetenesta.