Eg har verdens beste arbeidsplass - eg elskar jobben min!

Kine Kastel

Psykisk helse og arbeidsliv var tema for årets samling.

Johan Peter Øren starta første dagen med å snakke om kjerneforutsetningar for å utvikle det gode psykososiale arbeidslivet.

Arbeidsmiljøprisen gjekk i år til Svanevikveien bofellesskap i Bergen kommune. Dei mottok prisen fordi dei kunne vise til eit meget godt arbeidsmiljø med godt samhold der alle er inkluderte og alle kjenner seg høyrt og sett. Dei har også eit svært lågt sjukefråver.

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) hadde innlegg begge dagane. Direktør Pål Molander ga deltakarane ei engasjert framstilling av korleis framtidas arbeidsliv kan kome til å sjå ut. Han var mellom anna tydeleg på at arbeidmiljøet skjer i arbeidstida - ikkje mellom og utanfor.

Evy Dale frå Arbeidstilsynet avslutta første dagen med å gje eit innblikk i tilsynspraksis.

Marco Elsafadi starta andre dagen med eit inspirerande foredrag der han delte mange personlege erfaringar både som leiar innan barnevern og lagspelar på basketballbanen. Han formidla sterkt at det er viktig at ein gir rom for kvarandre sine ønskje og behov på ein arbeidsplass.

Børge Skåland fortalde svært sterke historiar frå si forsking på skulemiljø der manglande leiing gjorde til at volds- og trusselutsette lærarar kjende seg aleine med krenkingane.

Konferansen vart avslutta med eit svært engasjerande innlegg frå Eduardo «Doddo» Andersen. Hans bodskap var at å bry seg og by på seg sjølv er oppskrifta på eit god arbeidsmiljø. På tre kvarter fekk han deltakarane til å både smile, le og gråte med sine gripande forteljingar og sitt gitarspel og sang.