Vi må finne dei gode møtepunkta.

Lars Sponheim

Frå januar 2019 blir Fylkesmannen Sogn og Fjordane og Fylkesmannen Hordaland til Fylkesmannen i Vestland. Sponheim fortalde at dei er i rute, men at omgjevnadane er usikre. Regionreforma gjer at mange andre aktørar rundt også er i endring.

- Mitt hovudfokus i ei tid der ein del er usikkert for oss er at vi må løyse eit embetsoppdrag. Vi har eit enormt oppdrag som må løysast. Usikkerheita er knytt til korleis omgjevnadane organiserer seg, og til samhandling.

Eit tema var korleis han ser føre seg dialogen med kommunane når han tek over som Fylkesmann for det nye embetet.

- Eg har ikkje tenkt å setje foten i døra for kommunane. Det betyr at vi i vårt nye embete må finne ei effektiv form på dialogen med kommunane. Vi må finne dei gode møtepunkta. Fylkesmannen er eit bindeledd. Det betyr at vi skal formidle statleg politikk og vilje, og lage dei gode møtepunkta på ein god måte.

Sponheim oppmoda Fylkeskommunen til å ta ei større utviklarrolle, og hadde klare forventningar til KS.

- Det er spanande å sjå kva rolle KS kjem til å ta i det nye fylket. Og så er vi klare til å lytte til det.

Fylkessamanslåing: - Det blir mange konsekvensar
Fylkesordførar Jenny Følling orienterte om arbeidet med nytt fylke.

- Det vil bli mange konsekvensar. Vi må endre tankegang. I eit nytt fylke får vi ein stor by, som blir eit tyngdepunkt vi ikkje er vande med. Så vil det påverke alle fylkesdekkane organisasjonar. KS blir viktig i framtida. Vi kjem til å trenge KS i kampen om oppgåver.

Regjeringa har akkurat lagt fram oppgåvemeldinga, og Følling påpeika at mykje skal utgreiast vidare. Ho trekte mellom anna fram at samferdslekompetansen på fylkesvegnettet skal overførast til fylka.

Endring av politistrukturen 
Politiet opplever samfunnsendringar som gjer det nødvendig å endre ressursbruk og verkemiddel.

Visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ida Melbo Øystese, ga eit tankevekkande innlegg der ho viste til følgjene av den digitale utviklinga. Politiet må endre strukturen slik at innsatsen blir lagt der behovet er størst.

- Seks born blir dagleg utsette for overgrep. Kriminaliteten føregår stadig meir på nett og mindre ved kiosken på hjørnet.