Gentofte skil seg frå kommunane i Sogn og Fjordane på fleire måtar. Ikkje berre er landskapet mykje flatare, der er også nesten 76 000 innbyggarar, som bur i sju bydelar. Kommunane i Sogn og Fjordane er langt mindre. Men å involvere dei som bur der er sentralt, uansett kommunestorleik.  

- Eg synest det er spennande å høyre korleis dei jobbar med å involvere innbyggarane. No er jo dette ein mykje større kommune enn den eg styrer, med 800 innbyggarar. Men måten å tenke på går veldig godt an å overføre. Vi har mange moglegheiter til å involvere. Vi er tett på innbyggarane, og kjenner kommunen og folk godt, seier Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund kommune.

Alle skal ha felles ansvar
I Gentofte har dei utvikla ein eigen metode. Dei har mellom anna midlertidige oppgåveutval, som består av både innbyggarar og politikarar. Med desse utvala vil dei involvere fleire i det politiske arbeidet, skape større engasjement og finne løysingar som matchar innbyggarane sine behov betre. Tanken er at dei som bur i kommunen ikkje berre skal vere tenestebrukarar. Alle skal ha eit felles ansvar.

-  Det handlar om kva element vi kan ta med oss. Det er mange gode prosessar i Noreg i dag, og dei siste ti til tjue åra har det skjedd mykje innanfor planlegging generelt som handlar nettopp om å ta med innbyggarane. Vi er ikkje langt bak, men det er sett litt meir i system i den modellen vi har sett her. Vi tek med oss det som er godt, og så kan ein ikkje legge ein mal for alle kommunar, seier Terje Heggheim, prosjektrådmann i Kinn kommune.

- Det handlar om tillit
Fleire har med døme heimafrå på at dei har invitert innbyggarane inn i ulike prosessar i kommunen, og gode erfaringar med å gjere det. I Solund inviterte dei til dømes alle velforeiningane i kommunen og renovasjonsselskapet til eit møte då rutinane i renovasjonsordninga skulle endrast.

- Det vart eit veldig godt møte med dialog i begge retningar, og representantar for heile kommunen møttes og kunne diskutere saman. Det tenkjer eg at ein kan gjere i andre samanhengar også. Det handlar om å tenke at det er mogleg.

Invitere inn og involvere alle
Stig Arne Thune, rådmann i nye-kommunen Sogndal, har tru på å senke terskelen for innbyggarinvolvering.

- Ordførarane har ein generelt viktig jobb i å vere nær, invitere inn, involvere alle, også dei som ikkje høyrer til eige parti. Dei som er flinke der lukkast, trur eg.

Ordføraren i Solund, Gunn Åmdal Mongstad, peiker også på ansvaret dei som sit i politiske posisjonar har.

- Det handlar om å bygge tillit mellom innbyggarane og kommunen. Å sjå på innbyggarane som ein ressurs, ikkje ein trussel som kan komme og kritisere noko du har bestemt.

Uroa over manglande rekruttering
Med innbyggarinvolvering på dagsorden kjem også ei særskild bekymring for korleis ein skal involvere og engasjere dei unge.

- Eg er bekymra for manglande rekruttering til politikken. Det er den største utfordringa for lokaldemokratiet i dag. Vi får ikkje tak i dei unge. Kvar er dei i den politiske arenaen? Det er ei kjempeutfordring, seier Heggheim.