Publisert: 19.02.2020
17 kommunar deltok med ordførar og kommunedirektør, og nokre kommunar stilte i tillegg med varaordførar og ass. kommunedirektør. Det er regionane KS Møre og Romsdal og KS Viken, som deltek i dette pilotarbeidet, i samarbeid med fagavdelingane i KS og KS Konsulent.
Godt samspel er avgjerande
Godt samspel mellom politisk og administrativ leiing er avgjerande for at kommunar og fylkeskommunar skal få mest mogleg ut av ressursane sine og i fellesskap utvikle kommunen til eit attraktivt samfunn. Målet er å utvikle felles leiarskap og styrke det profesjonelle samspelet mellom ordførar og kommunedirektør, gjennom å skape ryddige og førutseielege tilhøve i samspelet.
Ulike arbeidsformer
Journalist Richard Nergaard bidro med innlegget «Utanforblikket - ordførar og kommunedirektør sett frå ein politisk journalist». Professor Jacob Torfing, Roskilde Universitet i Danmark, tok til orde for at godt samspel mellom ordførar og kommunedirektør/ rådmann er ein føresetnad for politisk leiarskap, interaksjon med lokalsamfunnet og for å skape innovasjon.
Ulike arbeidsformer er brukt for å sikre erfaringsdeling og læring: Innlegg, case og refleksjonar, arbeid i grupper og parvise samtalar mellom ordførar og kommunedirektør.
Oppfølgjingssamling
Det vert lagt opp til ei oppfølgjingssamling den 15. - 16. september. Denne vil òg bli opna for dei kommunane som ikkje deltok i første samlinga.