Publisert: 02.02.2022
Hurdalsplattformen seier at regjeringa skal «ta initiativ til at det sammen med fylkeskommunene utarbeides en nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksveier og fylkesveier med høy og middels skredfaktor.»
Det er allereie god oversikt over behovet for skredsikring (jfr. regionale rapportar 2019), og behovet er ekstra stort på fylkesvegane. Som eit døme er behovet for skredsikring på fylkesvegane i Møre og Romsdal om lag 3,6 mrd (2019-kroner), medan behovet på riksvegar i Region Midt (Trøndelag og Møre og Romsdal) er på om lag 1,3 mrd. Med den tildelinga av skredsikringsmidlar Møre og Romsdal får i dag, vil det ta over 40 år før vi har gjennomført sikring av fylkesvegar med høg og middels skredfaktor. I tillegg vil risikoen auke i tida framover på grunn av meir ekstremvêr.
KS Møre og Romsdal meiner at løyvingane til skredsikring må aukast og fordelinga mellom riks- og fylkesvegar må endrast slik at dei største midlane går dit behova er størst og slik at vi kan sikre tryggare ferdsel for fastbuande som kvar dag må ferdast langs desse vegane, og for turistar som reiser langs dei nasjonale turistvegane våre som er utsett for skred.
Pressekontakt:
Odd Helge Gangstad
Styreleiar KS Møre og Romsdal
Mobil: 40287112