KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal deler ut ein arbeidsmiljøpris under den årlege arbeidsmiljøkonferansen i fylket. Prisen er ei oppmuntring til ein kommune, fylkeskommunen, ein offentleg eigd institusjon, samla eller representert ved enkeltavdelingar, som har utmerka seg med å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø.


Kandidatar til prisen skal ha gjennomført eitt eller fleire tiltak som

  • fører til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med fokus på arbeidsnærver
  • har fokus på opplæring og personalutvikling med positiv effekt på arbeidsmiljøet
  • at arbeidsplassen har gjennomført eit planmessig og systematisk HMS-arbeid, som fører til eit tryggare og betre arbeidsmiljø
  • har hatt god samhandling mellom arbeidsgivar og tilsette gjennom medverknad og inkludering
  • har stor overføringsverdi til andre i arbeidslivet

Vartdal helsetun fyller godt kriteria som ligg til grunn for prisen. Gode system for HMS er på plass, dei har fokus på arbeidsnærver på fleire ulike måtar, dei har godt partssamarbeid gjennom Gneist-gruppa og dei legg vekt på opplæring og fagleg oppdatering gjennom god delingskultur. Dei har òg vore innovative på små, men viktige grep, som lett kan ha overføringsverdi til andre.

Vinnaren brukar medarbeidarundersøkinga 10-faktor som systematisk verkty for finne fram til område for å jobbe med arbeidsmiljøet. Her vert partssamarbeidet trekt fram som ein avgjerande faktor for at arbeidet har lukkast, og med stort fokus på nærversarbeid og heiltidskultur.

Du kan lese grunngjevinga her

Prisen vart utdelt under Arbeidsmiljøkonferansen, i år som digitalt arrangement den 21. april.

Vi gratulerer Vartdal helsetun med Arbeidsmiljøprisen 2021!