Publisert: 21.01.2025
- Å vidareutvikle samarbeidet mellom stat og kommune er viktigare enn nokon gong. Vi blir fleire eldre og vi må mobilisere meir arbeidskraft. Samtidig skal vi halde oppe tilliten til demokratiet og forvaltninga. Då må vi tenkje nytt og utvikle tenester som løser samfunnsutfordringar og er til det beste for innbyggjarane, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Tillitsbasert og fleksibelt samarbeid om innovasjon og berekraft står sentralt i den nye avtalen som statsråden og KS-leiar Gunn Marit Helgesen har signert.
- Det er kommunar og fylkeskommunar som leverer dei fleste offentlege tenestene, og det er der dei store samfunnsutfordringane må møtast med nye og betre løysingar. Då treng vi innovasjon. KS er derfor veldig glade for denne avtalen som gjer det mogleg med strukturert kontakt. Det lettar informasjonsflyten slik at vi kan samarbeide endå betre om å løyse dei utfordringane vi står overfor, seier Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS.
Avtalen vidarefører regjeringa og KS sitt samarbeid om innovasjon og berekraft frå 2021-2023.
- Tilsette, tillitsvalde og leiinga må jobbe saman for å ta i bruk ny teknologi og finne ut av kva som er dei beste løysingane. Med den nye avtalen vil vi støtte opp under dette, seier Tung.