I ein dom frå Høgsterett (HR-2024-2211-A), som kom no i desember, vart eit kommunalt vedtak om pålegg om riving av ei gamal bryggje kjent ugyldig.

Kommunen hadde arbeida med å kartleggja strandsona for ulovlege tiltak. Då kom ein over ei bryggje, som var sett opp ein gong på 1970-talet. Plan- og bygningslova seier at bygningsstyresmaktene kan gjeva pålegg om at ulovlege forhold skal rettast. Dersom det ulovlege forholdet er ei bryggje som ikkje har papira i orden, så kan kravet om retting gå ut på at bryggja må rivast. Det var det som var tilfelle her. Meinte kommunen. Og Staten.

Skal ein driva med plan- og bygningsrett, så er det ikkje nok å ha interesse for riving. Ein må også ha ei viss interesse for rettshistorie. Denne bryggja frå 1970-talet måtte vurderast etter plan- og bygningslova frå 1965. Plan- og bygningslova frå 1965 stilte krav om meldeplikt før ein kunne oppføra «kaianlegg, moloer, dokker, bruer, transformatorer, tank- og beholderanlegg, underjordiske anlegg, haller og bedrifter i fjell, tribuner, idrettsanlegg og andre varige konstruksjoner og anlegg som ikke går inn under § 93»

Det står ingenting direkte om bryggjer her. Ei bryggje er noko anna enn eit kaianlegg, ein transformator og ein tribune. Men kan ei bryggje vera ein varig konstruksjon eller anlegg? Det var spørsmålet frå Høgsterett.

Høgsterett tar utgangspunkt i legalitetsprinsippet og viser til at det i Grunnlova § 113 står at «[s]tyresmaktene må ha grunnlag i lov for å gripe inn overfor einskildmennesket». Då er ordlyden i lova sentral.

Høgsterett tilnærmar seg forståing av ordlyden på den måten at dei konkrete konstruksjonane som er nemnde, legg føringar for kva som skal reknast som «andre varige konstruksjoner og anlegg». Dei konkrete konstruksjonane er større konstruksjonar, t.d. at eit «kaianlegg» er større en ein kai. Det same må då gjelda for bryggjer, at skal bryggjer kunna reknast som «andre varige konstruksjoner og anlegg», så må det vera ei bryggje av ein viss storleik. Høgsterett viser at på denne tida var hytter ikkje meldepliktige og då ville det vera rart om ei bryggje som skulle tena hytteeigedommen skulle vera meldepliktig. Motsett, var det ei større bryggje som tente fleire eigedommar, så kunne det vera at denne kunne reknast som ein varig konstruksjon eller anlegg.

Høgsterett har som eitt av sine føremål å bidra til rettsavklaring. Det kan gjerast på to måtar. Den enkle måten og den vanskelege måten. Høgsterett kunne sagt at det avgjerande var om konstruksjonane var «varige», og at i så tilfelle var dei meldepliktige og bryggjer som ikkje var byggemeldte kunne få pålegg om riving. Den vanskelege måten, som Høgsterett her valde, er å gå for ei innfløkt og konkret vurdering av både det eine og det andre for å finna ut om ein konstruksjon er ein varig konstruksjon som då er ein meldepliktig konstruksjon. Den enkle måten kunne bli gjort av alle som har litt peiling på konstruksjonar, utan at ein trong blanda inn juristar. Den vanskelege måten, som no er gjeldande, krev både konstruksjonskompetanse og juridisk kompetanse.

På eitt punkt bidrar Høgsterett til ei forenklande rettsavklaring. Når spørsmålet er om eit gamalt forhold er lovleg, kan ein venda det dauve øyra til tiltakshavaren som meiner det heilt urimeleg no så lenge etterpå å gripa inn med sanksjonar. Dette har ingenting å seia for lovtolkinga, seier Høgsterett. Her får alle rivingsivrige byggje- og bryggjesakshandsamarar ammunisjon i møte med kranglevorne tiltakshavarar. Sønene skal svara for fedrenes synder, som det står i skrifta.

For å prøva på ei oppsummering. Tenkjer ein at ein skal prøva å få rydda opp i gamal moro, så får ein konsentrera seg om dei store konstruksjonane og sjå forbi dei små. Nokre gonger kan det vera lurt å lata sovande hundar liggja. Eller som det heiter på engelsk: Do not trouble trouble until trouble troubles you.