Publisert: 04.03.2019
Bygdefolk og gardbrukarar har rettar til bruk av arealet som staten eig i såkalla statsallmenningar. Fjellova gir rammer for korleis desse rettane skal administrerast. Statsallmenningsutvalet har lansert sitt forslag om ei ny fjellov (NOU 2018:11).
Rammer frå Hovudstyret i KS
Hovudstyret vedtok på januarmøtet rammer for høyringsuttalen som administrasjonen har utarbeidd. Blant prinsippa i vedtaka er:
KS tilrår at det vert gjennomført supplerande utgreiingar og vurderingar på særleg desse punkta i mandatet til Statsallmenningsutvalet:
- Rettane Statskog har til å forvalte skog i allmenningar med virkesrett, og til å avgrense motorferdsel i statsallmenningane bør overførast til fjellstyra.
- Kommunane si rolle i forvaltinga av statsallmenningane må styrkast.
- Ny fjellov må gjere det klart at fjellstyra skal legge kommunale og regionale planar og anna offentleg rettsleg regulering til grunn i administrasjonen av bruksrettane.
Her finn du alle dokumenta i saka slik ho vart presentert for Hovudstyret.