Innbyggarane sine haldningar og kunnskapar om fylkeskommunen er i lita grad prega av styreform.
Interessa for fylkeskommunale saker er relativt høg – berre 20% oppgjev å vere uinteresserte i sakene som blir behandla på fylkeskommunalt nivå.
1 av 5 har kontakta enten ein fylkespolitikar eller ein tilsett i fylkeskommunen.
Stor variasjon mellom fylka i kjennskapen til fylkesordføraren og partiet han/ho representerer.
Omtrent halvparten kjenner til at fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande opplæring og samferdsel, men framleis trur 20% at sjukehusa sorterer under fylkeskommunen.
Kunnskapen om styringsform er i noka grad høgare i kontrollfylka enn i fylka som har innført parlamentarisme.