Publisert: 01.04.2019
NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) la 1. april fram sine forslag når det gjeld område som NVE meiner er best eigna for utbygging av vindkraft på land i framtida. NVE foreslår at det peikast ut 13 område der det skal bli vesentleg enklare å få konsesjon til vindkraftutbygging enn i andre område.
Forslaget er samtidig eit bidrag til kunnskapsgrunnlag med vurderingar av korleis verknadane blir for den framtidige utviklinga av vindkraftutbygginga på land blir i ulike delar av Noreg. Kunnskapsrgunnlaget har NVE utarbeidd i samarbeid med fleire andre statsetatar.
Kjem i tillegg til konsesjonar som er gitt
Det er viktig å presisere at dersom det blir gitt konsesjonar innanfor dei nye områda som NVE no foreslår, så kjem desse konsesjonane tillegg til dei som alt er gitt. Dersom alle som har fått konsesjon tidlegare bygger, kan det altså bli bygd ein god del vindkraftverk i område som ikkje ligg innanfor områda i forslaget til nasjonal ramme.
Les meir på NVE sine nettsider.
Eit hovudspørsmål er korleis arbeidet som NVE har leia skal brukast. Saka har vore oppe til handsaming som orienteringssak i KS sitt hovudstyre. Hovudstyret understreka då at mange fylkeskommunar har gode regionale planar for vindkraft. Korleis forholdet mellom ei eventuell nasjonal ramme og dei regionale planane skal vere, er eitt viktig spørsmål.
Fleire av kommunestyra som til no har sagt «ja» til vindkraft har lagt ned føresetnader om at anlegga får eit omfang i tråd med regionale planar, tidlegare folkeavstemningar og kommunestyrevedtak. Ettersom tida har gått, har det vist seg at utbyggjingar har langt overstege volumet som blei lagt til grunn då vedtaka blei fatta.
KS har sett i gang si eiga utgreiing
Riksrevisjonen (2013) og Ekspertutvalet for overføring av oppgåver til regionalt folkevalt nivå (2018) konstaterte at få konsesjonar til vindkraftprosjekt følgjer anbefalingane i regionale planar for vindkraft. Dette er eitt av utgangspunkta for at KS har sett i gang eit utgreiingsprosjekt for å greie ut om kva som er intensjonane bak regionale planar for vindkraft, og kva som skal til for at regionale planar kan fungere etter desse intensjonane.
OsloMet/NIBR har fått i oppdrag å levere utgreiinga innan 28. mai i år. Rapporten skal inngå i KS sitt kunnskapsgrunnlag når vi skal utarbeide høyringsuttale til NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft.