Publisert: 06.10.2020
Alle organisasjonane presenterte sine syn i seminaret. På seminaret deltok og kommunar, fylkeskommunar, relevante fagpersonar og stortingspolitikarar. Følgande var tema:
- Konkrete erfaringar frå vindkraftutbyggingar og syn frå kommunesektoren på regjeringa si stortingsmelding om konsesjonsprosessen for utbygging av vindkraft på land.
- Potensial som ligg i plan- og bygningslova (PBL) ved behandling av vindkraftsaker.
- Lokal kompensasjon/skatt ved vindkraftutbyggingar.
På fyrste dag av seminaret var målet å få fram hovuderfaringar, lærdomar og behov i kommunesektoren: Kva problem må eit nytt konsesjonssystem løyse?
Andre dag ville vi gjere stortingspolitikarane trygge på vedtak om PBL og tydeleggjere behovet for raskt å få på plass eit lokalt kompensasjonssystem for kommunane.
Opptak frå dei enkelte delane av programmet i kronologisk rekkefølge: