Publisert: 07.10.2024
Det kartfesta kunnskapsgrunnlaget som vert brukt for å vurdere miljøomsyn i arealplanlegging vert levert frå ei rad ulike aktørar. På tross av gjentatte initiativ til å samle og strukturere miljøinformasjon dei siste åra, opplever kommunane det «digitale økosystemet» for miljødata som lite oversiktleg. Det har dessutan ikkje vore høve til å måle utvikling som gjeld arealbruk og naturverdiar over tid på ein måte som kan brukast i kommunal planlegging.
Desse utfordringane ligg til grunn for KS sitt FoU- prosjekt, som- prosjektet skal gå ut 2026. Hovudmålet er å styrke og utvikle samarbeidet mellom forvaltingsorgan og sektorar som er heilt nødvendig for at areal- og naturrekneskap skal bli eit nyttig verktøy i kommuneplanlegging. Dette blir viktig i møte med utfordringar som gjeld tap og uttynning av artsmangfald og økosystem i Noreg.
Bygger på forprosjekt og arealrekneskapar i fylkeskommunane
Prosjektet er ei oppfølging av forprosjektet «Areal- og naturregnskap som nyttig og benyttet verktøy i kommunesektorens arealplanlegging» frå 2023. Her såg vi nærare på korleis fylkeskommunane sine arealrekneskapar kan utviklast vidare . På fylkeskommunane sine nettsider er det no publisert arealrekneskapar som blant anna viser utbygd areal i fylket og kva areal som er planlagt utbygd. Eit mål i hovudprosjektet som no er i gang er å vidareutvikle kunnskapen i desse verktøya og utvide dei til å vise oversikter over kva naturverdiar som finst, og korleis desse vert endra over tid (naturrekneskap).
Breitt samarbeid og løpande utvikling av prosjektet
KS har etablert ei styringsgruppe beståande av representantar frå KS, Akershus fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune, Kommunal- og distriktsdepartementet og Miljødirektoratet.
Prosjektet blir utvikla løpande gjennom arbeidet som pågår. Det er no aktivitet i til saman 5 delprosjekt. Opphavleg var det lagt opp til eit eige delprosjekt om Grunnkart til bruk i arealregnskap. Dette er førebels lagt på is, og handtert i plenumssamlingane, fordi Kartverket arbeider med brukarmedverking i statleg regi. Kartverket er representert i prosjektgruppa for prosjektet. NINA har ansvar for to delprosjekt som skal bidra til at vi kjem lenger på vegen frå oversikt over arealbruk til å skaffe meir oversikt over kva naturverdiar og økosystem som finst og korleis desse er påvirka av tekniskinfrastruktur. Asplan Viak har ansvar for to delprosjekt, der ein skal jobbe over tid i åtte pilotkommunar, med pågåande planprosessar. Her skal ein utforske korleis areal- og naturrekneskapsdata kan takast i bruk, saman med anna naturkunnskap, i kommunale planar. Prosjektet skal tydelleggjere behov for utvikling av data og verktøy, sett frå kommunane sin ståstad. KS er i ferd med å utvikle eit eige delprosjekt som handlar om å tydeleggjere hovudelementa i ei areal- og naturrekneskap for planleging og korleis det skal gjerast tilgjengeleg for kommunane.
ProsjektplanAlle delprosjekta heng tett saman. Gode koplingar og koordinering er nødvendig. Det skjer løpande gjennom arbeidet i delprosjekta, i prosjektgruppa og gjennom fellessamlingane. Det vert halde tre fellessamlingar i 2024 og planen er å halde fire i 2025 og fire i 2026. Eit viktig mål med fellessamlingane er at så mange som råd ser felles utfordringar og at det vert staka ut felles kurs for å møte dei.