Publisert: 23.10.2024
Den økonomiske situasjonen i kommunar og fylkeskommunar er alvorleg. Det gjeld over heile landet, både i små og store kommunar. For kommunesektoren er betre kommuneøkonomi og mindre detaljstyring den viktigaste bodskapen frå KS.
Høyringa i næringskomiteen kan du sjå her (KS kommer i sendinga etter 35:30 min).
Som regional næringsutviklar arbeidar fylkeskommunane med regionale strategiar for næringsutvikling, har eit medeigaransvar for Innovasjon Norge og samarbeider med kommunane om næringsutvikling, omstillingsutfordringar og arealplanlegging. Eit konkret eksempel på KS og fylkeskommunane sitt strategiske arbeid med næringsutvikling er samarbeidsprosjektet med Innovasjon Norge, Forskningsrådet og SIVA om samfunnsoppdrag for grøn sirkulær industri/verdikjeder – Missionssatsinga. Målet er å utvikle 100 grøne industriområde/næringsområde med netto nullutslepp gjennom industrielle symbiosar og sirkulære verdikjeder innan 2030. Her er verkemiddel som grøn plattform, miljøteknologiordninga og gründerordninga viktige for satsinga. I tillegg kommer postar for regional utvikling og grønt investeringsfond, som ligg på kommunaldepartementet sitt budsjett. (kapp.553, post 61).
KS vil ynskje ei auke på post 61 (KDD) i dei regionale utviklingsmidlane som kunne nyttast i missionssatsinga, til dømes bedriftsnettverk som er eit viktig verkemiddel når fleire bedrifter skal arbeide saman for å oppnå grøn sirkulær industri og verdikjeder.
Leverandørutviklingsprogrammet
KS er nøgd med at tilskotet til Leverandørutviklingsprogrammmet vert videreført, men tilskot som er på stadet kvil frå 2024 medfører jo i realiteten en reduksjon.
Det er også bra at ein føreslår å vidareføre satsinga på grøn maritim eksport som tilskot til Leverandørutviklingsprogrammet på 2,5 millionar. Dette vil kunne gi viktig innovasjon og næringsutvikling i en næring som er svært viktig for kystkommunar og løysingar som kommer hele landet til gode.
Det manglar framleis verkemiddel som understøttar innovasjon og omstilling i samspelet mellom offentleg og privat sektor, særleg knytt til behovet for risikoavlasting i innovative anskaffingar og omstillingsprosjekt.
Reiseliv
Morgondagens reiseliv må vera berekraftig, både økonomisk, sosialt og miljømessig. Det skal ta vare på naturen, på lokalsamfunnet og på både reisande og fastbuande. Samfunnsutvikling handlar blant anna om langsiktig arealbruk. Det dreiar seg om utbygging av infrastruktur, stads - og sentrumsutvikling, næringsutvikling og miljø.
KS vil framheve at lokal og regional kunnskap er ein viktig føresetnad for arbeidet med næringsutvikling og det å støtte opp om gründerar, samfunnsentreprenørar, lag, foreiningar og eldsjeler.
Fleire fylkeskommunar og kommunar arbeider med besøksforvaltning, men dei treng også finansiering. Å kunne ta inn besøksbidrag er svært viktig for kommunane. Det vil koma både lokalsamfunn og tilreisande til gode. Betre finansiering gjer at ein kan legga mykje betre til rette både for fastbuande, besøkande og næringslivet.
KS er informert om at det kjem eit høyringsnotat om besøksbidrag i løpet av hausten. Det er positivt.
KS ber komiteen understreke i merknad at det blir viktig å få ei så rask framdrift som råd med besøksbidrag